Velkommen til Bildøy barnehage

Barnehagen vår er stor, raud og flott. Du kan kome inn til oss ved to hovudinngangar. Inne er det mange, og store rom. Vi har ulike avdelingsområde , fellesgarderobe, kjøkken og to stellerom. Ein del av barnehagen er til personalet, med styrar sitt kontor, pedagogane sitt arbeidsrom, lager, pauserom og garderobe.

Barnehagen ligg i fine omgjevnader på Bildøy. Vi er stolte av vårt unike uteområde som inneheld eit mangfald av moglegheiter for opplevingar for både barn og vaksne. På baksida av barnehagen ligg eit naturområde med tre og busker til å gøyme seg i, stein og berg til å klatre på, og gras til å springe og hoppe på. På framsida har vi fast underlag til sykling og andre aktivitetar, og stor sandkasse til stor glede for alle.

Vi er også så heldige at vi kan nytta eit område rett oppom barnehagen, som vi kallar for ”gapahuken.” Her får barna utfalde seg, teste nye grenser og jobbe fysisk med kroppen i ulent terreng.

Barnehageområde  Leikeplassen

Leikeplassen  Barnehagen vår