Velkommen til Brattholmen skule

Brattholmen skule er ein nynorsk-skule, men med parallell-klassar på begge språk på alle steg frå 1. til 7.klasse. Inntaksområdet vårt er avgrensa av Arefjord bru i aust og Rv 555 i nord. Dei som har adresse på Straumsfjellet (Botnafjellsvegen, Straumsfjellsvegen, Vardevegen og Stekervika) høyrer til Liljevatnet skule. Skulen har hatt rundt 250 elevar dei siste åra.


Godt nytt år!

Vi vil ynskje alle store og små eit godt og lærerikt 2019!

Vi kan lese, teikne og skrive både ute og inne.

God jul

Hei.
Siste skuledag før juleferien er fredag 21.desember. Skulen er ferdig kl. 11. SFO startar kl.11 denne dagen og held open til 16.30, som vanleg. Fint om alle tar med ytterklede og bytetøy frå garderobane.
Første skule og sfo-dag etter nyttår er torsdag 3.januar 2019.

Vi ynskjer dykk alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!

Lucia- feiring

  1. og 5.trinn laga ei flott Lucia- samling for store og små for både Brattholmen og Foldnes. Lys, sang og musikk. Vi trengte denne stunda saman til å roe ned i ventetida.

Superhelter under opplæring

På Brattholmen skule har vi superheltar under opplæring. Vi finn dei i alle klassar, men denne gongen vil vi vise kva superheltane på 1. trinn held på med.

I haust har dei jobba mykje med kjensler. Dei har laga ein heil kjenslevegg – kor dei illustrerer korleis vi kan kjenne at dei ulike kjenslene.

1. trinn har fadrar frå 5. trinn. Denne veka er det mange elevar som kodar. 1. trinn har koda saman med elevane i 5b. Alle var djupt fokuserte og både små og store elevar meistra dette heilt supert.

Les meir…

3A Lesekonkurranse- Vinnar!!!

Då var det tid for å annonsera resultatet av Lesekonkurransen for klassar i Fjell kommune.
Heile 27 klassar har delteke frå desse skulane:
Brattholmen, Foldnes, Knappskog, Danielsen, Ågotnes og Landro
Vinnar vart klasse 3A på Brattholmen skule. Dei har lese heile 1 1588sider per elev.

Vinnar ved trekning vart klasse 5B ved Foldnes skule.
Gratulerer til ALLE klassar for flott innsats. Og stor applaus til lærarar og elevar i klassane som vann!

Mot Mobbing- Gruppa (MMG)

MMG gruppa på Brattholmen skule er no i full gang med arbeidet sitt.

Nytt frå i år er at elevane har vest på når dei er ute. På denne måten vert det lettare for dei andre elevane å finne dei. Du kan sjå dei orange vestane ute.

MMG gruppa i år består av elevar frå 6. og 7. trinn Foldnes og Brattholmen.

Les meir…

Kom igjen! BlimE!

Denne veka har vi hatt Vennskapsveke. Vi kallar den BRY DEG- veka! Fokuset er på å ta vare på kvarandre, sjå kvarandre og BRY SEG om kvarandre. Vi har denne hausten øvd på BlimE- dansen og i dag har Brattholmen og Foldnes dansa BlimE- dansen ute på skuleplassen. Stort engasjement til trass for litt regn. Flinke engasjerte barn og vaksne.

Første skuledag

No er skuleåret i full gang. På 1.trinn tok rektor i mot 27 spente elevar. Dei fekk nokre trygge ord samt ein magisk stein med seg på vegen før dei trygt blei tatt med til klasserommet av sine kontaktlærarar. 306 elevar frå både Brattholmen og Foldnes er på plass til eit lærerikt år både fagleg og sosialt.