Velkommen til Fjell ungdomsskule

Skulen ligg i Fjell kommune. Ungdomsskulen har i 19/20 454 elevar og ca 75 tilsette. Fjell ungdomsskule skal vere ein interessant og utfordrande arbeidsstad. Høgt fagleg nivå og tilpassa opplæring skal gi høve til personleg utvikling i eit miljø der alle tek ansvar for fellesskapet.
      Om du ikkje finn det du leitar etter, bruk søkefunksjonen til høgre og hugs å søke på nynorsk.

 


Halloweenparty

Velkommen til Halloweenparty på Fjell ungdomskule

   fredag 25.okt. kl 1900-22.00

(kun for skolens elever)

Det blir disco, selfie vegg, kiosk og skummel stemning. Du trenger kun å ta med deg godt humør og bruke fantasien til å kle deg ut(eller komme som du erJ)

Gi beskjed til Gerd i Fau på 48160568 med navn/klasse innen 21.okt om du vil komme på partyet.

Arrangementet er gratis, husk småpenger til kiosk

Me treng bøsseberarar

Hei!

Den 20.10 går årets TV-innsamling av stabelen – denne gongen til inntekt for CARE

https://www.blimed.no/tv-aksjonen-2019/

Det trengst framleis bøsseberarar.  Om du (både elevar og føresette) har tid og lyst til å gjere ein innsats her- send ein e-post med namn, telefonnummer og ønska område på ein e-post til dagfinn.ellingsen@fjell.kommune.no og/eller  stine.sandne@fjell.kommune.no så snart som råd – og seinast måndag 14.oktober

Ønsker du å forstå tenåringen din betre?

Velkommen til rettleiingsskurs for tenåringsforeldre!

TUNING IN TO TEENS er eit forskningsbasert kurs der du som forelder lærar å støtte tenåringen din gjennom det som kan vere ei utfordrande ungdomstid.

Tidspunkt: Kl 1400 – 1600.

Stad: Straume helsesenter, Blombakkane 2.

 

Samling Dato Tema
1 Torsdag 19.09 Korleis bli klok på følelsar?
2 Torsdag 26.09 Følelsesinntoning
3 Torsdag 03.10 Forstå barnet sin emosjonelle oppleving
4 Torsdag 17.10 Emosjonsrettleiing ved redsel og tristhet
5 Torsdag 24.10 Emosjonsrettleiing og sinne
6 Torsdag 31.10 Emosjonsrettleiing no og i framtida

 

Kontakt kommunepsykologane for påmelding:

Tlf 55096000

SMS 90149281

E-post: sigrid.ystaas@fjell.kommune.no.

Ny skulerute

Frå i morgon tidleg, 03.09.19, vil det gå eigen skulebuss for elevar frå Spjeld / Knappskog til skulesenteret på Bildøy. Det er ein buss frå TurbussVest.

Bussen går frå busstoppet ved Spjeldsfjellet kl 08.05 og plukkar med seg våre elevar på busstoppa fram til bensinstasjonen på Kolltveit. Vidare her i frå vil den velje trasé etter trafikken. Elevane må vise fram skysskortet sitt. Vi er i ein prøvefase, så om det er kommentarar  / innspel, bed vi om at de tek kontakt med Fjell ungdomsskule v/ Trude: Trude.karstad@fjell.kommune.no

Førebels er det ikkje sett opp eigen retur for desse elevane, men vi jobbar med saka.

Bry deg!

Kjære føresette!     

Vårt engasjement for elevane stoppar ikkje når dei går ut skuledøra, vi vil dei vel.

Politiet melder om auka rusbruk i regionen vår og vi vil komme med ei oppmoding til alle føresette.

Vi veit at ungdommar treng tett og nær kontakt med kloke vaksne i ungdomstida. Det er viktig at alle som er i kontakt med ungdom nyttar relasjonen og tilliten til å komme i dialog om rus. Kanskje er det akkurat denne dialogen som gjer at de og vi no klarar å bidra til at flest mogleg av ungdommane våre takkar eit tydeleg nei til rus og også takkar nei til eit rus-image. Det er lettast å stå i mot, når fleire er saman om det. Vi håpar at fleire og fleire ungdommar seier nei til rus og rusbruk.

Vi ynskjer at alle:

  • Snakkar med ungdommen om temaet, og finn ut kva haldningar din ungdom har til bruk av rus.
  • Gjer avtalar med ungdommen når dei er ute, kanskje kan de hente dei eller møte dei når dei kjem heim.
  • Snakkar med dei andre føresette som dei eventuelt skal overnatte hos. Samarbeid og bygging av relasjonar er viktig blant dei føresette.

Bry deg!

Du kan ta kontakt med skulane, Helsestasjon for ungdom, Barnevernet eller politiet  om du er uroa over din ungdom eller andre sin.

Helsing

Tranevågen, Fjell og Danielsen ungdomsskular

 

Helsestasjon for ungdom: Telefon 55 09 68 02

Barnevernet i Fjell: Telefon 55 09 71 40

Sotra og Øygarden lensmannskontor: Telefon 02 800

Bruk refleks!

Ein billist som køyrer dagleg her på Bildøy, og då særleg om morgenen, møter ein del (både vaksne og barn) langs vegane utan refleks. Han syns at dette er så ubehageleg og oppfordrar alle til refleksbruk. Vegane er glatte og det er mørkt ute og derfor ekstra viktig. Minn kvarandre på dette!

Mobbeombod

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Frå august 2018 er mobbeombodet i Hordaland eit tilbod til alle barn og unge (og deira foreldre) som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. Mobbeombodet i Hordaland heiter Mari-Kristine Morberg. Ho rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, barnets rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra. Alle kan ta kontakt med mobbeombodet, til dømes på telefon (404 01 557) eller e-post (mobbeombod@hfk.no). Du kan følgje ombodet på Snapchat (mobbeombod) eller Facebook (www.facebook.com/mobbeombodet).

 

Du kan lese meir om ombodet og kva ho kan hjelpe deg med på www.hordaland.no/mobbeombod.

 

Klikk her: Mobbeombod

Til heimen om Sarahah-app

Elevrådet på Fjell ungdomsskule har hatt ekstraordinært møte om Sarahah-appen i dag. Vi oppfordrar dykk til å snakke med ungdommen dykkar om korleis ein kan beskytte seg mot dette og korleis ein skal opptre mot andre.

For meir info:
SARAHAH-appen