Velkommen til Fjell ungdomsskule

Skulen ligg i Fjell kommune. Ungdomsskulen har 467 elevar og ca 70 tilsette. Fjell ungdomsskule skal vere ein interessant og utfordrande arbeidsstad. Høgt fagleg nivå og tilpassa opplæring skal gi høve til personleg utvikling i eit miljø der alle tek ansvar for fellesskapet.
      Om du ikkje finn det du leitar etter, bruk søkefunksjonen til høgre og hugs å søke på nynorsk.

 


OBS OBS

Fjell ungdomsskule har ikkje planleggingsdag fyrstkommande fredag 09.11.18

SAMAN PÅ NETT – 8.trinn

SAMAN PÅ NETT

Velkomen til elev-/føresettkveld på Fjell ungdomsskule – 8.trinn

Tysdag 20.11.18 klokka 18.00 – oppmøte i gymsalen

Det vert eit variert program med vekt på dialogbaserte føredrag, samtale mellom elevar og føresette, oppsummering.

Pause med kaffi/saft

Det er obligatorisk frammøte for elevane, dei får avspasere til våren under eksamen.

Velkomen til ein spennande kveld.

Det kan vere lurt å parkere v/Sotra Vidaregåande

Vil du være med å bidra til jubileumsboka vår?

Vi lagar ei jubileumsbok for å feire at Fjell ungdomsskule i 2019 blir 50 år, og set stor pris på om du tek deg tid til å dele minna dine frå ungdomsskuletida med oss! Boka blir eit portrett av alle de som har vore elevar eller tilsette ved skulen, med alle dei forteljingane og minna som de måtte ha å dele.

HUGS å sende eit portrettbilete av deg sjølv til fjellforteljingar@gmail.com som vi kan bruke saman med svara dine.

For å krydra boka visuelt, ynskjer me oss dessutan bilete! Om dei er frå konfirmasjonen, ei avslutning eller ein skuletur spelar ikkje så stor rolle, så lenge dei viser nokre av dei folka som har fylt skulegangane gjennom eit halvt århundre. Send bileta til fjellforteljingar@gmail.com med ein kort tekst om kven og kva som er avbilda.

Fine premier er det også
1. Familiepakke Vossvind
2. Pakke med 4 dagskort på Høyt og Lavt Bergen
3.-6. Gavekort på Sartor (2 på 1000 kr og 2 på 500kr)

Trykk på lenken:
Elevskjema

 

Mobbeombod

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Frå august 2018 er mobbeombodet i Hordaland eit tilbod til alle barn og unge (og deira foreldre) som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. Mobbeombodet i Hordaland heiter Mari-Kristine Morberg. Ho rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, barnets rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra. Alle kan ta kontakt med mobbeombodet, til dømes på telefon (404 01 557) eller e-post (mobbeombod@hfk.no). Du kan følgje ombodet på Snapchat (mobbeombod) eller Facebook (www.facebook.com/mobbeombodet).

 

Du kan lese meir om ombodet og kva ho kan hjelpe deg med på www.hordaland.no/mobbeombod.

 

Klikk her: Mobbeombod

Viktig informasjon om klasseturar for 10. trinn til hausten

Til hausten vert det, som de veit, klasseturar til Krakow i Polen for alle 10. klassane ved skulen.

Reisene vert desse datoane:

TUR 1: 28.08. – 31.08.: 10E
Meir info om denne turen finn de her:
https://drive.google.com/file/d/1Z9EfYqP0RgwtL4I8lZjk_WW3K45XJk0Q/view?usp=sharing

TUR 2: Avreise 18.10.: 10B og 10C
-meir info kjem.

TUR 3: Avreise 21.10.: 10A, 10D og 10F
-meir info kjem

Tre kjappe punkt:
– Turen er gratis. Anbefalt ca 2000,- i lommepengar. Foreldre vert oppfordra til å unngå å sende med store summar.
– Hugs å bestille pass i tide dersom eleven ikkje har gyldig pass.
– Ta den viktige praten med dykkar ungdom på førehand: Kva er lov, kva er ikkje greitt, korleis vere ein god klassekamerat ven.

Val av valfag 2018/19

Det er no lagt ut lenkje til val av valfag for neste skuleår

(dette gjeld elevar som då skal gå i 9 og 10 klasse).

Denne ligg på dei ulike klassane sine It`s Learning side.

Der ligg og brosjyra til valfaget.

Frist for å gjere valet er sett til søndag 17.juni 2018.

Til heimen om Sarahah-app

Elevrådet på Fjell ungdomsskule har hatt ekstraordinært møte om Sarahah-appen i dag. Vi oppfordrar dykk til å snakke med ungdommen dykkar om korleis ein kan beskytte seg mot dette og korleis ein skal opptre mot andre.

For meir info:
SARAHAH-appen