Bry deg!

Kjære føresette!     

Vårt engasjement for elevane stoppar ikkje når dei går ut skuledøra, vi vil dei vel.

Politiet melder om auka rusbruk i regionen vår og vi vil komme med ei oppmoding til alle føresette.

Vi veit at ungdommar treng tett og nær kontakt med kloke vaksne i ungdomstida. Det er viktig at alle som er i kontakt med ungdom nyttar relasjonen og tilliten til å komme i dialog om rus. Kanskje er det akkurat denne dialogen som gjer at de og vi no klarar å bidra til at flest mogleg av ungdommane våre takkar eit tydeleg nei til rus og også takkar nei til eit rus-image. Det er lettast å stå i mot, når fleire er saman om det. Vi håpar at fleire og fleire ungdommar seier nei til rus og rusbruk.

Vi ynskjer at alle:

  • Snakkar med ungdommen om temaet, og finn ut kva haldningar din ungdom har til bruk av rus.
  • Gjer avtalar med ungdommen når dei er ute, kanskje kan de hente dei eller møte dei når dei kjem heim.
  • Snakkar med dei andre føresette som dei eventuelt skal overnatte hos. Samarbeid og bygging av relasjonar er viktig blant dei føresette.

Bry deg!

Du kan ta kontakt med skulane, Helsestasjon for ungdom, Barnevernet eller politiet  om du er uroa over din ungdom eller andre sin.

Helsing

Tranevågen, Fjell og Danielsen ungdomsskular

 

Helsestasjon for ungdom: Telefon 55 09 68 02

Barnevernet i Fjell: Telefon 55 09 71 40

Sotra og Øygarden lensmannskontor: Telefon 02 800

Comments are closed.