Tilvalsfag

Framandspråk: fransk – spansk – tysk

Fordjupning: engelsk

For alle faga gjeld dette:

Faga vert vurdert med karakter – elevane vert trekt ut til munnleg eksamen – karakterane tell ved inntak til vidaregåande opplæring – alle alternativa gjev rett til inntak til alle utdanningsprogramma i den vidaregåande skulen.

MEN!

Elevar som vel eit studieførebuande utdanningsprogram, må ha eit 2. framandspråk. ( studiespes, studiespes m/ formgjeving, idrettsfag, musikk, dans og drama, kunst, design og arkitektur, medier og kommunikasjon).

Elevar som har hatt språk i 8 -10 klasse, har framandspråk i VG1 og VG2. Elevar utan framandspråk i 8 -10 klasse, må ha framandspråk i VG1, VG2 og VG3.
Elevar som vel yrkesfag har ikkje 2. framandspråk

I dei studieførebuande utdanningsprogramma vil elevar som må ha framandspråk i VG3 ikkje ha timar til naudsynte programfag.

DIFOR:

Elevar som allereie no veit dei vil velje eit studieførebuande utdanningsprogram bør velgje framandspråk på ungdomsskulen.

Elevar kan og få studiekompetanse gjennom yrkesfaga.