Valfag

På Fjell ungdomsskule har vi aldersblanda valfag, det vil seia at det i alle valfag er elevar frå ulike klassar og ulike trinn.

For skuleåret 2019/2020 vil det verte valfag dei to siste timane onsdag delar av skuleåret.

For nokre av valfaga vert det slik at dei i periodar har lenger undervisning om onsdagane og i andre periodar avspaserer, slik at elevane må pårekne å ha enkelte lengre skuledagar om onsdagane innimellom. Dette gjeld særs for valfaga: Innsats for andre – Sal og scene – Natur, miljø og friluftsliv, men kan og forekome i dei andre valfaga. Nærare info om dette får elevane ved oppstart av faget til hausten.

For skuleåret 2019 – 20 tilbyr vi følgjande valfag, gitt at det er nok elevar som ynskjer det:

  • Fysisk aktivitet og helse
  • Natur, miljø og friluftsliv (ordinær)
  • Natur, miljø og friluftsliv (jegerprøvekurs – kun 10.trinn)
  • Natur, miljø og friluftsliv (Dale Oen)
  • Forskning i praksis (Dale Oen)
  • Teknologi i praksis (Dale Oen)
  • Sal og scene
  • Design og redesign
  • Medier og informasjon
  • Produksjon av varer og tenester
  • Innsats for andre
  • Programmering
  • Båtførerprøven m/maritimt friluftsliv (kun 9. og 10. trinn)
  • Reiseliv
  • Demokrati i praksis

Informasjon om valfaga:

«Bakgrunnen for valfaga er at dei skal bidra til auka motivasjon og læring. Innføring av valfag er eitt av fleire tiltak for å nå målet om ei meir praktisk, variert og relevant opplæring på ungdomstrinnet» – UDIR

Det kan kome endringar i kva valfag skulen tilbyr. Ein kan ikkje byte valfag i løpet av året.

Her ligg info om dei einskilde valfaga: https://docs.google.com/document/d/1VXs5Wpd-gZ352Jaqxd8NjPGoAKjN04PdpYnkR7B3EAE/edit

 

Her ligg info om vurdering i valfag:

https://www.udir.no/laring-og-trivsel/lareplanverket/veiledning-lp/trafikk-veiledning-til-valgfaget/4.-vurdering/

De kan og lese om dei ulike valfaga her: www.udir.no/valgfag

Elevane velgjer seg tre av valfaga i prioritert rekkje (1 – 2 – 3). Dei kan velje same valfaget opp att kvart år, to av åra eller ha ulike valfag kvart år. Valfaget er avsluttande med standpunktkarakter kvart år. Dersom ein har same valfag som tidlegare, er det berre siste året med dette valfaget som vert teljande i utrekninga av standpunktkarakter.

Her vel elevane på 8.trinn valfag: https://forms.gle/UacoJL3aNLZY7muv9

Her vel elevane på 9.og10.trinn valfag: https://forms.gle/gSjF8PmbSykwPM9R7