Foreldrepålogging It`s Learning

På denne nettsida og på www.fjellskulen.org finn ein lenke til pålogging til It`s Learning både for elevar og føresette.

itslearningVeil1

På sida som kjem opp vel elevar Feide og føresette pålogging med ID-porten. Det er same pålogging som til offentlege tenester (kodar, bank-ID eller kode til mobil) :

itslearningVeil2

Får du feilmelding her betyr det truleg at du ikkje er registert med personnummer (11 siffer) i skulens datasystem. Ta då kontakt med skulen for å få lagt det inn. (Tlf. 55097700)

Her inne finn du informasjon om barnet ditt, til dømes vurderingsoversikt og fråvær. Du vil og kunne gå inn i aktuell klasse, der finn du vekeplanar og anna informasjon om faga.

Slik ser det er ut for føresett Donald Duck etter pålogging. Borna han har ansvar for kjem opp ute til venstre (1), du går inn på dei ein og ein. Vil du sjå profilen til Doffen trykkjer du der 2 er markert, vil du inn i klassen hans og finne vekeplanen trykker du på 3/fag, og 4 tek deg attende til framsida.

itslearningVeil3

Vis profilen/2:

itslearningVeil4

Her finn du vurderingsoversikt, fråvær og orden/åtferd. Hugs at du vel rett termin, det vil seie haust 2015 no og vår 2016 i neste halvår.

Klasse/fag/3:

itslearningVeil5

Trykk fag og du vil kunne velje klassen til ditt barn. Der inne finn du alt som læraren legg ut felles for klassen, til dømes vekeplanar og fagplanar. Du vil ikkje finne eleven sine prøvesvar/tekstar, men du vil finne oppgåver og informasjon. (Eleven sine svar er personlege, og berre tilgjengeleg for elev og lærar. Du må avtale med ditt barn om du skal få lese dei).

itslearningVeil6

Her er det kontakt- og faglærarar som legg ut.

Lukke til! Ta kontakt med kontaktlærar om du har spørsmål til innhaldet.