Rådgivartenesta

  • Rådgivartenesta

Skulen har 4 rådgjevarar;  Jan Roar Jørgensen 9.trinn, Wenche Solsvik, Anita Klivnoy 10.trinn og Renate Landro Lie 8.trinn.

Rådgjevarane kan treffast kvar dag, og dei skal hjelpe både elevar og føresette med spørsmål/problem i skulekvardagen.

Hjelp hos rådgivar kan vere nødvendig dersom du ønskjer kontakt med helse- og sosialvesenet, den pedagogisk-psykologiske tenesta eller andre institusjonar. Du kan og ta kontakt med rådgivaren om du ønskjer ein vaksen å snakka med.

Wenche Solsvik

er spes.ped.koordinator. Ho har ansvar for organisering av tilbodet til elevar som får spesialundervisning og gir rettleiing til lærarar som arbeider med spesialundervisning. Ho koordinerer og tar kontakt med PPT.

Jan Roar Jørgensen

er sosialrådgivar. Han kan elevane ta kontakt med dersom dei opplever noko er vanskeleg og treng nokon å snakka med.

Anita Klivnoy

er sosialrådgiver og har mellom anna utdanningsval på 10 trinn, arbeider med andre framandspråk /språkleg fordjupning og yrkesorientering. Ho gir rettleiing ved overgang til vidaregåande skule og val av vidaregåande utdanningsprogram.

Renate Landro Lie

er sosialrådgivar. Ho kan elevane ta kontakt med dersom dei opplever noko er vanskeleg og treng nokon å snakka med. Ho har ansvar for dei minoritetsspråklege elevane på skulen.

  • Alternative grupper ved Wenche Solsvik

Fjell Ungdomsskule har følgande alternative grupper:

  • Vågegruppen v/Agnar Våge
  • Kantinedrift v/Berit Algrøy
  • Sportsgruppe v/Kjell Rune Pedersen
  • Sørlibasen
  • Pers gard v/Per Nordvik og Linda Bakke
  • TAM fiskeprosjekt – Kenneth Bruvik og Espen Steffensen

 

Vidaregåande skule: Utdanning  – yrkesrettleiing (Anita Klivnoy)

Fristen for å søkje inntak på vidaregåande skule er 1. mars kvart år.  Kvar elev får tilgang på søkjarsida (www.vigo.no)  om lag 10. januar.  Då skal dei ha fått brukarnamn og passord frå «MinId». Der ligg og ei rettleiing om korleis eleven skal gjennomføre søkjeprosessen.  Det er viktig at eleven tek godt vare på  skrivet frå MinId.  Skulen kan ikkje komme inn på eleven sine sider utan eleven sitt passord.

Rådgivar vil ha eit søkjarkurs for elevane tidleg i januar.  I tillegg vil rådgjevarane gje hjelp og rettleiing til elevar som treng det.

 Klassane  på 10. trinn  har dette skuleåret 1 time utdanningsval kvar anna veke.  Der får elevane info om utdanning og yrke.

 Andre tilbod i UV til 10. trinn dette skuleåret:

  • Kvar elev på 10. trinn får ein hospiteringsdag i vidaregåande skule ca okt- nov
  • Utdanningsmesse på Sotra Arena i regi av Sotra Rotaryklubb vanlegvis i januar. Obligatorisk for 10. trinn.

Representantar frå ulike bedrifter, opplæringskontor, bransjar vil komme på besøk på skulen og gje 10. klassingane viktig og nyttig  informasjon.

Det vil elles bli høve for elevane å besøke vidaregåande skular når vi får melding om når dei ulike skulane har opne dagar.

 Rådgivarkontora er ope for elevar og føresette som ønskjer råd og rettleiing i samband med val av utdanningsprogram i vidaregåande skule.  Ta kontakt med

 rådgivar Anita Klivnoy   tlf  55097709