Skulehelsetenesta

Kontaktinformasjon – helsesøster, Fjell ungdomsskule

Helsesyster er på kontoret:

Måndag kl 08.30-14.30, Mariann

Tysdag kl 08.30-13.00, Mariann

Onsdag kl 09.00-14.30, Viviann

Torsdag kl. 09.00-14.00, Viviann

Telefon:   55097714
Vivian: 915 12 370    Sentral Straume helsestasjon: 55 09 68 10

Måndag til og med torsdag er helsesøster sine faste dagar på FUS. På grunn av t.d kurs og vaksinasjonsarbeid kan det likevel vere avvik frå dette. Sjå oppslag på kontordøra evt Plan vår 2019

helsestasjon for ungdom

Gjer merksam på at vi har lege tilstades på HFU både måndag(Therese Monsen) og tysdag, (Elisabet Kvinge).

Tysdag formiddag er skulelege Elisabet Kvinge disponibel for ungdomskulane og kan bestillast til å koma ut på skulane eller ha konsultasjoner på helsestasjon for ungdom. Etter planen vil Elisabet også vere tilgjengeleg for skulane onsdags formiddag etter jul.

Skulelegen kan bookast via helsesøster eller skulen kan ta direkte kontakt med skulelegen på tlf; 41563568

Helsesøster sine faste oppgåver

8. klasse:

Informasjon om skulehelsetenesta
– 8.klassesamtale: I løpet av skuleåret får alle 8.klassingane tilbod om individuell samtale hos helsesøster med måling av høgd og vekt. Det er mange elever ved skulen. Dette gjer at nokon kjem til 8.kl samtale om hausten, medan andre vil få tilbod på våren. Ta kontakt dersom det er ynskje om å kome til samtale tidleg på året. Elever og føresette er velkomen til å ta kontakt ved behov, uavhengig av om ein har hatt 8.kl samtale eller ikkje.

Informasjon til foreldre om veiing og måling i skolen

Info til elever og føresette

9. klasse:
Undervisning om seksuell helse. Undervisninga skjer i regi av helsesøster frå helsestasjon for ungdom.

10.klasse:
vaksinering m/ Boostrix polio

Andre faste oppgåver:
Tverrfagleg team
– Miljøretta inspeksjon (årleg gjennomgang)

Andre oppgåver som er aktuelle i skulehelsetjenesta

  • Samtalar og oppfølging med ungdom og foreldre om t.d overvekt, kosthald, eteforstyrringar, søvnvanskar, pubertet, seksuell helse og prevensjon, vanskelege kjensler, mobbing, skilsmisse, sorg, overgrep/vald, atferdsvanskar m.m
  • Undersøking av syn/ hørsel på etterspørsel
  • Grupper saman med samarbeidspartnarar
  • Anna undervisning om helsetema i klassene

Tverrfagleg samarbeid

Skulehelsetenesta kan delta i ansvarsgrupper og andre tverrfaglege møter. Vi kan også sørgje for tilvising vidare til m.a.kommunepsykolog, fastlege, PP-tenesta, ergoterapeut, fysioterapeut, spesialisthelsetenesta, øyelege og tannhelsetenesta, NAV kommunale tenester (sosialtenesta), psykisk helsevern og barnevern. Vi kan og hjelpe med å kontakte familievernkontoret.

Informasjon om hovudlus

Alle med hår på hovudet kan få lus, uansett alder og hårtype. Lusene suger blod, og bittene gir kløe. Å få hovudlus har ingen sammenheng med dårlig hygiene, og lusene kan ikke vaskes bort med vanleg sjampo.

Innimellom får skular  varsel frå føresette om at dei har oppdaga lus hjå ugdommen sin. Hovudlus er heilt ufarleg, men kan vere ubehageleg. Kløe i hovudbotnen er eit symptom på lusesmitte, men det kan ta fleire veker frå ein blir smitta til det eventuelt begynner å klø. Det er viktig at lusesmitte blir oppdaga så raskt som mogleg for å unngå spreiing.
Folkehelseinstituttet tilrår derfor  at barn blir sjekka for hovudlus minst ein gong i månaden. Les meir om hovudlus – fakta og behandling.

Dersom det er oppdaga lus ved skulen der  barnet går, er tilrådinga at ein sjekkar alle i husstanden minst ein gong i veka i fire veker.  Skal ein få bukt med lusa er det svært viktig at alle følgjer opp. For meir informasjon om Hovudlus sjå brosjyra her (PDF).

Informasjon om kikhoste

Symptom er vedvarande feber og kraftige hosteanfall. Kikhoste er ikkje farleg for ungdom eller vaksne, men kan vera farleg for spedbarn som ikkje er vaksinerte. Kikhoste er svært smittsamt. Det er difor viktig med god handhygiene. Dersom de opplever at nokon i familien har desse symptoma, bør de kontakta fastlegen.

Les meir om kikhoste her:
https://nhi.no/sykdommer/barn/infeksjoner/kikhoste/

kort info om helsestasjonen

Lenker