Karakterar

Karakterar og karaktersetting

På ungdomssteget ( 8.-10. skoleår) skal det setjast terminkarakterar i alle fag og i orden og åtferd (unnatak er utdanningsval).

Karaktergradene i faga er: 1 – 2 – 3 – 4 – 5 og 6. 1 er dårlegaste og 6 er beste karakter. Karakteren 1 inneber at eleven har oppnådd liten grad av måloppnåing i faget. Karakteren 6 inneber at eleven har oppnådd særleg høg grad av måloppnåing i faget. For orden og åtferd er karaktergradene: God (G), Nokså god (Ng), og Lite god (Lg).

Praktisk – Estetiske fag

Kunst og handverk

Elevane har 2 timar kunst – og handverk kvar veke på 9. og 10. trinn.

Kunst og handverk har hovedtyngda si knytta til skapande arbeid med form og farge i ulike materiale. Undervisninga føregår dels i heil klasse, dels i grupper.

Ved vurdering vert det lagt vekt på :

  • Om eleven har nådd dei mål som er sett for den einskilde oppgåva, t.d. form, farge, funksjon og dekor.
  • Haldning og engasjement
  • Kreativitet
  • Sjølvstende
  • At tida er nytta godt og arbeidet er nøyaktig utført
  • Fornuftig bruk av materiale og verktøy

Mat og helse

Elevane har 2 timar med ” mat og helse” i veka i 9. klasse. Mat og helse er avgangsfag i 9. klasse og tel like mykje som andre fag, ved inntak til vidaregående skule.

Kompetansemål etter 10. årssteget

Mat og livstil

Hovudområdet mat og livsstil handlar om å utvikle ferdigheiter og motivasjon til å velje ein helsefremjande livsstil. Å setje saman ernæringsmessig trygg og god mat i samsvar med tilrådningar for eit sunt kosthald frå helsestyremaktene er eit viktig grunnlag for opplæringa innanfor hovudområdet. Det blir lagt vekt på at maten skal vere variert, innbydande og velsmakande. Refleksjon rundt samanhengen mellom mat, livsstil og helse er viktig.

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • Planleggje og lage trygg og ernæringsmessig god mat, og forklare kva for næringsstoff matvarene inneheld.
  • Samanlikne måltid ein sjølv lagar, med kostråda frå helsestyresmaktene.
  • Bruke digitale verktøy til å vurdere energi- og næringsinnhald i mat og drikke, og gjere seg nytte av resultata når ein lagar mat.
  • Informere andre om korleis matvanar kan påverke sjukdommar som heng saman med livsstil og kosthald.
  • Vurdere kosthaldsinformasjon og reklame i media.
Mat og forbruk
Hovudområdet mat og forbruk handlar om å bli kjend med ulike matvarer, varemerking og produksjon, og om mennesket som kritisk og ansvarleg forbrukar. Det skal leggjast vekt på å utvikle ferdigheiter og motivasjon, slik at ein kan velje ein livsstil som tek omsyn til menneske og miljø. Entreprenørskap som skapande prosess, frå ide til ferdig produkt, høyrer med i dette hovudområdet.
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:
  • Vurdere og velje matvarer på ein mangfaldig varemarknad når ein planlegg innkjøp.
  • Drøfte korleis ulike marknadsføringsmetodar kan påverke vala av matvarer som forbrukarane gjer.
  • Utvikle, produsere, gje produktinformasjon og reklamere for eit produkt.
  • Vurdere og velje varer ut frå etiske og berekraftige kriteria.

Mat og kultur
Innanfor hovedområdet mat og kultur er måltidsskikkar til kvardag, høgtid og fest og kunnskap om norsk tradisjonsmat og mat i ulike kulturar og religionar sentale emne. Maten skal vere innbydande. Både tillaging og presentasjon av mat er knytte til teknologi og design.

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • Planlegge og gjennomføre måltid i samband med høgtider eller fest og ha ei vertskapsrolle.
  • Lage mat for ulike sosiale samanhengar og drøfte korleis mat er med på å skape identitet.
  • Gi døme på korleis kjøkkenreiskapar, tillagingsmåtar eller matvanar har endra seg over tid eller flytta seg geografisk, og forklare korleis det har verka inn på livet til folk.
  • Skape og prøve ut nye retter ut frå ulike råvarer, matlagingsmetodar og matkulturar

Musikk

Elevane på 8 trinn har 2 timar musikk i veka. Musikk er avgangsfag i 8 klasse. Det vil seia at elevane får standpunktkarakter i musikk i 8 klasse og at dei ikkje har musikk på 9 og 10 trinn.

Målet for undervisninga er at elevane skal :

  • Musisere og danse: Elevane skal tileigna seg eit song-, danse- og musikkrepertoar som gir innsikt i samtida og oppleving av ei fleirkulturell verd. Dei skal utvikle evna til å ta ansvar for å planleggje, øve inn og gjennomføre framføringar med song, samspel og dans.
  • Komponere: Elevane skal utvikle evna til å arbeide med musikalske idear innanfor ulike musikalske former, sjangrar og arrangere eigne komposisjonar og formidle dei til andre.
  • Lytte: Elevane skal kunne identifisere og skilje med aukande nyansering innanfor dei ulike elementa i musikken. Dei skal utvikle evna til å lytte med ope sinn til eit breitt utval av musikk med aukande kompleksitet og øve seg på å bruke kritisk sans og musikalsk skjønn. Gjennom aktiviserande uttrykks- og arbeidsformer skal dei bli kjende med og vise kunnskap om utviklinga og mangfaldet i musikkformer, sjangrar, tradisjonar og kulturar.

Kroppsøving

Mål

Gjennom undervisningen skal elevene få oppleve glede over å være i bevegelse, de skal få naturopplevelser og utvikle kunnskap om, og få positive erfaringer med, ulike former for lek, idrett, dans og annen fysisk aktivitet. De skal også utvikle kunnskap om menneskekroppen og bli i stand til å ta vare på og fremme egen helse.

Vurdering

Oppnådd kompetanse legges til grunn for vurderingen av elevens kompetanse i faget kroppsøving.

Kjennetegn på måloppnåelse i kroppsøving er utviklet innenfor fire kategorier:

  1. Innsats (selvledelse og gjennomføring)
  2. Kunnskap og forståelse (både anvendt og teoretisk).
  3. Kroppslig læring og mestring
  4. Fair play og samarbeid.

Kroppsøving er et praktisk fag hvor elevene skal ”skape”, ”praktisere”, ”trene på” og ”gjennomføre” ulike former for fysisk aktivitet. Samtidig skal de også på mange områder kunne ”forklare” ”utføre”, ”praktisere”, ”planlegge” og ”vurdere” aktivitet.

Fagets egenart tilsier at aktiv deltakelse, det å gjenta øvelser og delta i forskjellige aktiviteter, viser faglig kvalitet. Det er viktig både for den enkelte elev og for medelevenes utbytte av opplæringen. Med andre ord kvalitet i kroppsøving viser seg både gjennom aktivitetsnivå og/eller treningsvilje. Det er nødvendig både for å oppnå mestring og holde kroppen ved like. Samarbeid må ofte til for å få aktivitetene til å fungere for hele klassen. Det å vise fair play, spre trivselZ<, være innsatsvillig, oppmuntrende og samarbeidsvillig, er viktig i den faglige prosessen og gir uttrykk for det faglige nivået i mange aktiviteter.

Kunnskapene kan vise seg i måten elevene løser bevegelsesoppgaver på og i dialog mellom elev og lærer. Kunnskapen kan også komme til uttrykk i planlegging og gjennomføring av ulike oppgaver/aktiviteter. Det er altså den anvendte kunnskapen som er sentral i kroppsøving, men det vil også bli brukt og lagt vekt på noen teoretiske skriftlige prøver.

Kjennetegnene skal beskrive hva som er høy, middels og lav måloppnåelse.

Gymtøy

Frem til høstferien har vi utegym hver uke. Dette innbærer at elevene må ha rikelig med klær med seg.

Elever som har melding med seg må også ha byttetøy.

Meldinger

I grunnskolen er kroppsøving et obligatorisk fag. Det betyr at elevene må ha Kroppsøving, ingen kan fritas fra faget. (Jfr. Opplæringslova, § 2-3a. Fritak frå aktivitetar m.m. i opplæringa.) Dette er det viktig å minne om for det synes fremdeles å være vanlig å frita elevene for undervisning i Kroppsøving enten med melding fra foreldre eller lege. Tilpasset opplæring gjelder i Kroppsøving som i alle andre fag.

Er eleven på en eller annen måte syk eller skadet må vi lærere finne fram til aktiviteter eller andre typer oppgaver eleven kan gjøre som er i tråd med kompetansemåla.