Klagerett

Klagerett for elevane

Klage skal setjast fram skriftleg og stilast til rektor. Alle karakterar som skal stå på vitnemålet kan klagast på. Dette gjeld også om ein elev ikkje får standpunktkarakter ( pga. for stort fråver eller andre tilhøve).

Kven kan klage ?

  • Eleven, eller den han/ho har gitt skriftleg fullmakt, har klagerett.
  • Elev under 15 år må ha skriftleg samtykke frå føresette for å klage.
  • Føresette til ein umyndig elev har sjølvstendig klagerett.
Klagefrist
  • Klagefristen er 10 dagar frå det tidspunktet eleven/føresette er gjort kjende med eller burde ha gjort seg kjende med karakteren.
Korleis kan ein klage ?
  • Klage må setjast frem skriftleg, og vere underskriven av klagar eller fullmektig.
  • Klage skal oppgi karakterane det blir klaga over.
  • Klage skal sendast/leverast til rektor.
  • Klagar bør samrå seg med faglærar før klage blir sendt.
  • Klage på munnleg prøve, standpunktkarakterar og karakterar i orden/åtferd må grunngjevast.
Klagehandsaming – Standpunktkarakter
  • Rektor gir fråsegn om sakshandsaming, med kopi til klagar.
  • Faglærar gir fråsegn, med kopi til klagar.
  • Rektor sender klaga til klagenemnda.
  • Klagenemnda vurderer om gjeldande reglar for karaktersetjing er følgde. Dersom klagenemnda tar klaga til følgje, skal eleven få ny vurdering.
  • Rektor set endeleg karakter.
Ny karakter
  • Klagehandsaming kan føre til at karakteren blir uendra eller endra til ein betre eller dårlegare karakter.
NB! Reglar om varsling gjeld berre når det ikkje er grunnlag for karakter. www.udir.no