Velkommen til Hamramyra barnehage

Hamramyra barnehage er ein kommunal barnehage som starta opp i august 2012. Sommaren 2017 vart barnehagen flytta over i nye flotte lokaler og utvida til 6 avdelingar. Vi har pr. i dag to småbarnsavdeling med 14 plasser, ein mellomavdeling med 19 plasser og tre storbarnsavdelingar med 20 plasser.

Barnehagen ligg sentralt til på Ågotnes. Vi heldt til mellom Ågotnes barnehage og Ågotnes skule. Barnehagen grensar til eit spennande friområde med flott skogsterreng, vatn og sjø, idrettsanlegg og fotballbaner. Her ligg alt til rette for fysisk utfalding, rike naturopplevingar og god læring.

Vi har pr. i dag 12 pedagogar tilsett. Vi er ei lærebedrift som har to lærlingar frå hausten av og vi tek imot studentar frå barnehagelæararstudiet, elever frå vidaregåande skule samt personar i arbeidspraksis.

Visjon for arbeidet vårt er å gje barna den beste starten på livet. Vi skal være nære og trygge vaksne og i barnehagen vår skal det være godt å vere.