Mission moon, first Lego League jr.

3.trinn- Knappskog skule har deltatt i FIRST LEGO LEAGUE jr, eit forskings- og teknologiprosjekt som introduserer barn i alderen 6-9 år til ei spanande verd av vitskap og teknologi. Årets oppgåve var Mission Moon: Korleis vil det vere å leve og bo på månen?Gjennom prosjektet ynskja me å introdusere elevane for vitskap og teknologi. Jamfør Kunnskapsløftet ønska vi å fokusere på det «skapande mennesket», der utvikling av eigne evne på elevane sine premiss er eit av hovudelementa. Elevane skulle forske på korleis det er å leve og bu på månen. Innanfor dette skulle dei finne ut korleis dei skulle skaffe mat og drikke på månen, korleis ein skal få oksygen, og andre utfordringar dei måtte kome på undervegs ettersom dei lærde meir om livet utanfor jorda og vår atmosfære.

Prosjektet vara i ca. 2 månader der målet var å lage ein månebase og ein rakett i lego, samt ein informasjonsplakat. I tillegg skulle elevane ha minst eit element som var koda gjennom Lego WeDo. Som avslutning på prosjektet sendte me to grupper til konkurransedag på BI i Bergen, der dei fekk vise fram prosjektet sitt og forklara for dommarar kva dei hadde laga.

Me starta med idémyldring for å finne ut kva kunnskap me hadde på området frå før. Elevane fekk vite oppdraget, og byrja å innhente kunnskap dei meinte var relevante for å løyse oppdraget. Dei fekk leite etter informasjon på ulike nettkjelder tilpassa born, samt i bøker. Elevane har óg arbeida med koding i Lego WeDo-appen.

Elevane har gjennom arbeidet fått tileigna kunnskap om ei rekkje omgrep som «oksygen», «tyngdekraft» og «atmosfære». Dette var omgrep som me ynskja at elevane skulle lære på førehand, og elevane har gjennom utforsking og samarbeid innhenta kunnskap om dei ulike omgrepa fordi dei har trengt den for å løyse oppdraget. I tillegg har elevane forska på andre omgrep som dei har møtt på når dei har innhenta informasjon og kunnskap om temaet. For eksempel var det nokre elevar som ville finne ut kva akselerasjon var, fordi dei hadde lese om det i ei bok. Fleire elevar har òg hatt fokus på å resirkulere energi og vatn, fordi dette ikkje finnes på månen.

Gjennom arbeidet har elevane fått diskutere, argumentere, tilpasse og revidere eige arbeid. Dei har fått lære på eigne premissar, der bygging av lego, utforsking og leik har vore sentrale element. Dei har drive skrivetrening og lesetrening der dei har nytta ulike lesestrategiar når dei har innhenta kunnskap. I tillegg har me lest engelske bøker og sett nokre engelske filmar om temaet, slik at me også fekk implementert engelsk i prosjektet.

Comments are closed.