Velkommen til Knappskog skule

Knappskog skule ligg på austsida på Sotra, i Fjell kommune, om lag 25 minutt frå Bergen sentrum. Skulekrinsen vår strekk seg frå Morland i sør til Spjeld i nord. Ved oppstart dette skuleåret har Knappskog skule 218 elevar og 40 tilsette.
Rektor er Odd Erik Kjeldstad.


Foreldremøte

I skulen sin plan om foreldresamarbeid ligg det inne at det skal gjennomførast eit foreldremøte i februar med fokus på elevmiljøet på trinnet. Møtet skal ha ein trivselsfremjande profil og foreldrekontaktane skal delta i planlegginga av møte. Det skal og veljast nye klassekontaktar gjeldande frå neste skuleår.
Skulen har ei forventning om at minimum ein føresett deltek på foreldremøte.
Oversikt over møtetidspunkta for dei ulike klassane finn du her:

Trinn Dato Plassering Kontaktlærar Foreldrekontakt
1. trinn 11. feb. kl 1800 Lilla sone 1. trinn Monica Berntsen Malene Simonsen Kine Iren Bergsvik

Lene-Marie Molland

2. trinn 7. feb. kl 1800 Grøn sone 2. trinn Kaja Venge

Kata Strømland

Aina Tillung

Marianne Turøy

3. trinn 19. feb. kl 1800 Florshaugen 3. trinn Siri Eide

Inga Grøm Sæle

Lin-Torill Fjelde

Elisabeth Morland

4. trinn 6. feb. kl. 1800 Gul sone 4. trinn Maria Hatløy

Anette Lindquist

Isabelle Eide

Julie Helle Moen

5. trinn 14. feb. kl. 1800 Blå Sone 5. trinn Åse Urdal

Isabelle R. Ø. Eide

Nina Turøy

Katrine Last Fløisand

6. trinn 13.feb kl.1800 Møsamyra 6. trinn Yngve  Endal
Monica Fjeldstad
Karoline Juul

Kathinka S. Hansen

7. trinn 20. feb kl. 1800 Søremyra 7. trinn Olaug Lønningen

Øyvind O. Rise

Kaja Venge

Kjell Andreas Hansen

 

Innskriving skuleåret 2019/2020

Grunnskoleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år (jmf. Opplæringslova §2-1), og Knappskog skule ber føresette med barn som skal gå på skulen om å registrere barnet som elev på skulen frå neste skuleår.
Innskriving av barnet kan de gjera her.–> www.fjell.kommune\innskriving

Dei nye førsteklassingane vil seinare i vår få tilbod om å kome til skulen på førskuledag torsdag 23. mai, og skulen vil sende meir informasjon om dette når det nærmar seg. Føresette vil i samband med førskuledagen bli samla for å få informasjon om skulen og det å bli elev på Knappskog skule.

Generell informasjon om skulen finn de på denne nettstaden, og ta gjerne kontakt viss de er spesielle tilhøve de som foreldre ynskjer å få rettleiing om.

Velkomen til Knappskog skule!
Mvh
Odd Erik Kjeldstad
Rektor

Lus

Gjennom skuleåret har det vore særskilt mange tilfelle av lus på skulen. Det ser ut som at lusa smitter tilfeldig litt rundt om i klassane, og i år opplever vi at det er vanskeleg å bli kvitt dei. No gjer skulen særskilte tiltak i klassane og vi har eit spesielt fokus på garderobesituasjonen. Vidare vil vi forsøke å begrensa organisert leik som kan føre til auka risiko for smitte.

Slike tiltak på gruppenivå kan skulen gjere, men det aller viktigaste er at foreldra følgjer aktivt opp med grundig lusesjekk av elevane. Det bør gjerast til nokolunde same tid, og difor ber vi foreldra sjekka barna sine i dag og eventuelt starte opp med lusebehandling med ein gong. Informasjon om behandlinga finn de nedanfor

12 rette hjå Radio Sotra

Neste runde i 12-rette konkurransen til Radio Sotra blir torsdag 24. januar. Kl. 17.30 er det møte mellom: Telavåg, Skålevik og Knappskog. Laga møter på Sartor sentertorg ved Baker Brun, og må møte opp ca eit kvarter før dei skal i aksjon. Vi kryssar fingrane og ønskjer lykke til!

God jul

Siste skuledag fredag 21. desember sluttar alle elevar kl. 12.00. Skulefritidsordninga er ope som normalt.

Skulen ynskjer foreldre og elevar ei riktig god og fredfull julehelg, og takkar for året som snart er omme!

Vel møtt igjen til første skuledag etter ferien som er torsdag 3. januar!
Mvh
Odd Erik Kjeldstad
Rektor

Prisregulering SFO

Prisregulering for SFO blir gjort gjeldande frå og med 01.01.2019. Dei nye prisane vart vedteke i kommunestyret 13.12.2018. Oversikt over dei nye prisane finn du her.

Skipingsmøte FAU

Det vert med dette innkalt til møte i høve skiping av foreininga
FAU ved Knappskog skule. Møtet vil finne stad i klasserommet ved biblioteket på skulen, torsdag 20. des. 2018 kl. 19.00.
Styret i FAU, har utarbeidd forslag til nye vedtekter. Styret ber om at merknader og endringsforslag, vert sendt til styret innan tysdag 18. des. 2018. For meir info, klikk her.