Angstmeistringskurs for barn 10-12 år.

Dykkar barn er velkommen til å delta i meistringskurs/gruppe hausten 2014. Gruppene startar i løpet av september/oktober, torsdagar kl 13:15 på Fjell Rådhus.

Det blir hausten 2014 gjennomført angstmestringskurs for barn 10-12 år på Fjell Rådhus. Opp til 8 barn kan delta i gruppa (ca 10-12 år). Kurset blir gjennomført intensivt over 6 samlingar, kvar på 90 minutt og er gratis. Det blir servert noko enkelt å ete på kurset.

På kurset lærer ein om kroppen sine reaksjoner når ein er bekymra, lei seg eller sint. Ein lærer seg å slappe av, tenke positivt, løyse problem og takle vanskelege situasjonar. I tillegg til samtale i gruppe brukar ein oppgåver, rollespel og enkle heimeoppgåver. Foreldre får tilbod om ei kveldssamling for å lære det barna lærer i gruppa.

Angst er svært vanleg blant barn og ungdom. Utan behandling kan problema gjere at trivsel i kvardagen vert redusert. Kurset har både eit førebyggjande og eit behandlande fokus. Barna vil i løpet av kurset tileigne seg verktøy til hjelp for å møte eigen frykt/angst, som er henta frå kognitiv terapi med barn.

Dersom dette er noko for ditt barn, ta kontakt med psykologspesialist Gro Berge på tlf: 55 09 72 18/482 38 671  eller psykolog Benedicte Emilie Nygård på tlf: 55 09 72 29/908 64 933, som skal vere gruppeleiarar på kurset.

Kurset vil gå fast torsdagar fra i tidsrommet kl 13:15-14:30 på Fjell Rådhus. Foreldre er velkomne til å delta dei siste 10 minutta kvar gong for ei oppsummering av kva borna har lært.

VELKOMMEN!

Med venleg helsing
Kommunepsykologtenesta i Fjell
Gro Berge og Benedicte Emilie Nygård

Comments are closed.