Digg-læring på skandinavisk messe

Logo for DIGG LÆRING28. og 29. november skal Ingvild Vikingsen Skogestad, lektor på Knappskog skule, halda foredrag på Sett-dagane om innovativ læring i barneskulen.

 

Sett-dagane er Skandinavias største messe og konferanse for moderne og innovativ læring, og i skulesamanheng er det å halda foredrag på ein så viktig konferanse eit særleg ærefullt oppdrag å få. Ho er i godt selskap med mellom anna Håvard Tjora i tillegg til ei rekke norske og utanlandske foredragshaldarar.

Ingvild har blitt spurt om å formidla erfaring og praksisdøme om digital undervisning frå si eiga klasse på Knappskog skule. Hausten 2015 blei det starta opp ein digital klasse på 5. trinn på Knappskog som ho, saman med kollega Tone Atterås, er kontaktlærar for.

Ingvild har i det store og heile brukt digitale verktøy i undervisninga, noko som har vore særs vellukka når det gjeld motivasjon og læringsresultat. Prosjektet «Digg læring» har fatta interesse frå fleire hald og no er ho etterkvart blitt ei ettertrakta formidlar om innovativ læring.

Leiinga på skulen står bak Ingvild i måten ho tenkjer læring på, og ser dette som ein viktig faktor i synet på korleis skulen i framtida vil sjå ut.

Tekst: Odd Erik Kjeldstad, rektor Knappskog skule

Comments are closed.