Finalist til innovasjonsprisen for andre år på rad

Knappskog skule er finalist til IKT-senteret sin innovasjonspris for andre år på rad. Skulen frå Fjell er i finalen saman med Byskolen i Sandefjord og Mailan VGS. 

Innovasjonsprisen er ein viktig pris for skulesektoren, og har som føremål å løfte fram skular som jobbar heilskapleg og innovativt med elevane si læring.

Fokus for 2018 har vore skular som programmerar elevskapte fysiske objekt og som jobbar generelt med nyskapande aktivitet som ein del av undervisninga.

IKT i undervisninga

Finalistane blei inviterte til å presentera skulen sine programmeringsprosjekt på årets skaparverkstad i regi av IKT-senteret på teknisk museum i Oslo i november.
Øyvind Rise og Ingvild Skogestad la fram skulen sine prosjekt, samt skulen sitt heilskapleg arbeid med IKT i undervisninga. Sentralt i opplæringa med programmering er skulen sin kodeplan som gjeld for alle trinn på Knappskog skule.

Tekst: Odd Erik Kjeldstad
Foto: Ingvild Skogestad

Comments are closed.