Foreldrekveld med tema «Barn og media»

Administrasjonen i samarbeid med FAU inviterar føresette til temakveld om barn og media onsdag 24. september kl 1800. Kjellaug Tønnesen Tonheim frå «barnevakten» vil holde foredrag og svare på spørsmål frå foreldre og tilsette.

Tema barn og media er særleg aktuell når det gjeld førebygging av mobbing, samt i høve til sosial utvikling for barn. Skulen meiner det difor er viktig at alle elevane er representerte med ein føresett på møte.

Vel møtt!

Comments are closed.