Info frå rektor

Vel overstått foreldremøte. Skulen takkar for frammøte, og ser at dei fleste foreldre er flinke til å følgje opp barna sine på skulen. Det er viktig at lærarane og leiinga får anledning til å møte foreldra i oppstarten slik at vi saman kan leggje grunnlaget for eit trygt og godt skuleår for elevane våre. På slike møte kjem det ofte mykje informasjon samla, og det kan vere vanskeleg for mange å få med seg det viktigaste. Av den grunn så har eg tenkt å sende litt drypp av viktig informasjon direkte til foreldra i meldingsboka framover.

Det første eg vil formidla handlar om fråvær. Som eg formidla på møte så skal det i utgangspunktet vere ein høg terskel for fråvær i skulen. Det er i tillegg viktig at alt av fråvær blir grunngjeve. Skulen har plikt til å dokumentera fråvær og om fråvær er gyldig/ugyldig. Det er foreldra som grunngjev fråvær.
Når det gjeld permisjon frå undervisninga, så må det søkast om og grunngjevast. Kontaktlærar kan gi permisjon for inntil 1 dag. Søker ein permisjon for fleire dagar så må søknaden handsamast av rektor. Foreldre kan søke om permisjon gjennom Transponder til kontaktlærar som då sendar søknaden vidare til rektor. Rektor ber foreldra tenke seg om, og vere restriktive med å søke permisjon frå skulen. Elevane går då glipp av mykje undervisning og kan då i mange tilfelle bli hengande etter. Foreldra vil få ansvar for opplæringa i permisjonstida. Ferie bør som hovudregel leggjast utanom skuleruta. Kommunen kan gi elevar permisjon for inntil to veker, jmf. opplæringslova §2.11

Permisjon

På vegne av skulen så ynskjer eg alle foreldre lykke til med nytt skuleår.
Rektor
Odd Erik Kjeldstad

Comments are closed.