Innskriving skuleåret 2019/2020

Grunnskoleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år (jmf. Opplæringslova §2-1), og Knappskog skule ber føresette med barn som skal gå på skulen om å registrere barnet som elev på skulen frå neste skuleår.
Innskriving av barnet kan de gjera her.–> www.fjell.kommune\innskriving

Dei nye førsteklassingane vil seinare i vår få tilbod om å kome til skulen på førskuledag torsdag 23. mai, og skulen vil sende meir informasjon om dette når det nærmar seg. Føresette vil i samband med førskuledagen bli samla for å få informasjon om skulen og det å bli elev på Knappskog skule.

Generell informasjon om skulen finn de på denne nettstaden, og ta gjerne kontakt viss de er spesielle tilhøve de som foreldre ynskjer å få rettleiing om.

Velkomen til Knappskog skule!
Mvh
Odd Erik Kjeldstad
Rektor

Comments are closed.