Knappskog skule markerte internasjonal dag

På FN-dagen i dag markerte skulen internasjonal dag saman med elevar og gjestar. På Knappskog skule har vi barn og tilsette frå 21 ulike nasjonar, og skulen har som mål å fremje toleranse og kulturelt mangfald.

Vi veit om elevar som har måtte flykta frå konflikt og krig, og som vi har eit særskilt ansvar for når dei kjem til skulen vår og startar opp i innføringsklassen.

Dagen starta med flaggheising og samling på skuleplassen. Rektor heldt ein appell for elevane før elevane gjekk fredsmarsj i nærområde. Elevrådet samla så inn pengar som elevane ynskje å gi til TV-aksjonen Care.

Seinare på dagen samla elevar og lærarar seg til ein fleirkulturell framsyning i gymnastikksalen. Skulesjef var til stades saman med andre inviterte gjestar som arbeidar med minoritetsspråklege i kommunen. Foreldra til elevar med framandkulturell bakgrunn var og inviterte til samlinga.

Framsyninga starta med inntog av elevar med flagg frå nasjonane representert på skulen. Deretter hadde elevane flotte innslag med fokus på respekt, likeverd, toleranse og mangfald.
Skulesjef Rune Golf fekk ordet etter at rektor hadde takka elevar og lærarar for dei fine innslaga og forarbeidet til markeringa.

Samlinga vart avslutta med Vi-songen.

Odd-Erik Kjeldstad, rektor

Fleire bilete frå markeringa

Comments are closed.