Korona

Skulen har fått fleire meldingar frå bekymra foreldre som har born som er ekstra utsett for smitte. Både med omsyn til eiga sjukdomsbilete, men og av omsyn til foreldre og andre pårørande sitt sjukdomsbilete.

I slike situasjonar er det vanskeleg for skulen å gi råd om kva ein bør gjere. Dette bør ein drøfte med sin fastlege og på grunnlag av det gjere seg opp ei sjølvstendig vurdering av risiko for å sende elevane til skulen.

Det vi kan seie er at skulen vil varsle alle foreldre dersom elevar er smitta eller satt i karantene. Skulen er og førebudd på digital heimeundervisning av elevar dersom det skulle bli aktuelt for ein periode.

Rektor presiserer at Knappskog skule per i dag 11. mars ikkje har elevar som er smitta eller i karantene.

Er de uroa eller har spørsmål, så kan de kontakte rektor på telefon 55097552

Comments are closed.