Lus

Gjennom skuleåret har det vore særskilt mange tilfelle av lus på skulen. Det ser ut som at lusa smitter tilfeldig litt rundt om i klassane, og i år opplever vi at det er vanskeleg å bli kvitt dei. No gjer skulen særskilte tiltak i klassane og vi har eit spesielt fokus på garderobesituasjonen. Vidare vil vi forsøke å begrensa organisert leik som kan føre til auka risiko for smitte.

Slike tiltak på gruppenivå kan skulen gjere, men det aller viktigaste er at foreldra følgjer aktivt opp med grundig lusesjekk av elevane. Det bør gjerast til nokolunde same tid, og difor ber vi foreldra sjekka barna sine i dag og eventuelt starte opp med lusebehandling med ein gong. Informasjon om behandlinga finn de nedanfor

Comments are closed.