Måltid på skulen

No er hausten kome og kvardagen på Knappskog skule begynnar å gå seg til.
På foreldremøte i førige veke var fleire foreldre oppteken av korleis skulen gjennomførte måltid for elevane. Om dei fekk nok tid, og vidare om innhald og organisering.
Skulen tek utgangspunkt i helsedirektoratet si tilråding om at måltida bør vare i minimum 20 minutt. På Knappskog har vi sagt at måltida kan vare i opptil 30 minutt. På mange skular ligg måltida utanom undervisningstida, men her på skulen er måltida lagt til undervisningstida. Det betyr at tida elevane et, blir teken frå eitt av faga kvar dag. Av den grunn skal matpausen innehalde eit pedagogisk innhald, og det er lærarane sitt ansvar å planlegge tida på lik line som anna undervisningstid. Det er viktig at innhaldet er variert og at organiseringa blir utført på ein slik måte at elevane får ete maten sin. Hygiene i samband med måltida spelar og inn som ein viktig faktor. I tillegg til at måltida skal vere trivselsfremjande for elevane bør måltida og innehalde faglege element knytt til det faget elevane har i den timen. Her er det opp til lærarane å planlegge tida på ein slik måte at elevane får gode måltid samstundes som dei lærar noko i faget. Her gjeld det å finne balansen; Og døme på slike aktivitetar kan vere høgtlesing, gode samtalar og relevante undervisningsprogram. Mange lærarar nyttar tida til direktedialog med enkeltelevar medan dei andre i klassen et. Det kan vere enkelte som av ulike grunnar treng ekstra oppfølging, eller at dei får lest heimeleksa for læraren.

Eg håpar det var oppklarande informasjon for dei som lurte spesielt på dette.
Odd Erik Kjeldstad
Rektor

Comments are closed.