Sommarhelsing frå rektor

Kjære foreldre.

I dag er siste skuledagen til elevane og sommarferien står for døra. Skuleåret 2019-2020 har vore eit heilt spesielt år, og vil for alltid bli ståande som året der skulen blei stengt ned som følgje av ein pandemi. Eg håpar og trur vi aldri meir vil oppleve eit slikt tiltak, men tenkjer vi har gjort oss nokre erfaringar som vi vil ta med oss vidare. På Knappskog har vi gjennom fleire år hatt ei større satsing på digital undervisning, noko som gjorde at vi var gått rusta når vi starta opp med fjernundervisning i mars. Med nokre få unntak så fungerte det tekniske greitt og vi hadde gode plattformar til å drive undervisning når elevane var heime. I tillegg fekk vi god hjelp frå foreldra som støtta elevane og hjelpte til så godt dei kunne på heimebane. Eg veit det var krevjande for mange av ulike grunnar og eg vil nytte høve til å takka foreldra for den innsatsen dei har gjort; spesielt i denne vanskelege tida, men og generelt gjennom skuleåret. Mykje av dei tradisjonelle arrangementa som vi vanlegvis har mot slutten av skuleåret har vi måtte gjere annleis i år. Vi er glad for at vi fekk ta imot dei nye førsteklassingane som skal begynne på skulen i august. Ikkje alle foreldre fekk vere med, men elevane hadde ein fin dag på skulen. Den tradisjonelle avslutninga for 7. trinn kunne vi dessverre ikkje gjennomføre slik vi pleier med gjestar og foreldre. Det er vi lei oss for, men elevane hadde ei fin avslutning saman med lærarane og foreldrekontaktane. Eg vil takka foreldra på 7. trinn for den tida de har vore her og det samarbeidet vi har hatt. Eg vil ynskje lukke til vidare på vegen med dei fine ungdommane dykkar. Elles vil eg ynskje alle ein riktig fin sommar til vi møtast igjen til hausten. Første skuledag er måndag 17. august.

God sommar:)

Helsing Odd Erik Kjeldstad, rektor

Comments are closed.