Melding frå rektor

God morgon:)

Tross denne vanskelege situasjonen er det fint å sjå at mykje av heimeundervisninga allereie er i gang på skulen.

Mange av lærarane melder om god kontakt med elevane på dei digitale plattformane vi har i bruk. Det er nokre tekniske utfodringar på enkelte trinn, men vi håpar å løyse dei etter kvart. Vi ser at Transponder i periodar har vore treig og det er noko vi har meldt tilbake til leverandør. Dei forsikrar oss om at dei gjer det dei kan for å løyse situasjonen, men at det er krevjande når så mykje kommunikasjon i skulenorge skal skje samtidig. Vi reknar med dette vi ordne seg, og allereie i dag er det betre.

Nokon spør om spesialundervisning, og til det er det å seie at spesialundervininga så godt det let seg gjere vert følgt opp av kontaktlærar i samarbeid med lærar som har ansvar for spesialundervininga. Spes.ped koordinator vil i perioden følgje opp fagfeltet spesielt og ha eit overordna ansvar for desse elevane.

Elevar med spesialundervisning skal på lik linje med alle andre vere heime, men skal føgjast opp ut frå deira særskilte behov.

Så vil eg få takka foreldra for god tilrettelegging samt mange positive tilbakemeldingar på informasjonsflyten.

Når vi no har kome i ein så alvorleg og utfordrande situasjon, så får vi saman gjere det beste ut av det gjennom god dialog og bruk av egna digitale verktøy.

Eg tenkjer Knappskog skule er godt rusta til å drive skule og undervisning digitalt, og lærarane har god kompetanse i desse verktøya. Det vil heilt sikkert oppstå utfordringar og spørsmål, og då må de vere snill å ta kontakt med oss. I første omgang kontaktlærar, men og Rektor på tlf. 99645370.

Ha ein fin fredag og helg:)

mvh

Odd Erik Kjeldstad

Rektor

Comments are closed.