Skulemjølk

Tine har i nettportalen gjort det mogeleg for foreldre å velje dagar for individuell levering til sitt barn. Intensjonen er sikkert god, men ordninga blir i praksis umogeleg for skulen å handtera. Viss vi skal halda fram med ordninga så må vi ha ei fast liste for kvart trinn å gå etter. Rektor ber difor foreldra som ikkje har valt fast leveranse om å gå inn i portalen og velje fast leveranse, det vil seie «mjølk kvar dag». Det er framleis mogeleg å velje mellom mjølk (1,5%), mjølk (0,7%) eller laktosefri mjølk.

Knappskog skule 14. august 2019
Odd Erik Kjeldstad
Rektor

FORELDREMØTE OPPSTART 2019

Foreldremøte 1.-4. trinn. Måndag 26. august kl 1800 i allrommet.
Foreldremøte 5.-7. trinn. Tysdag 27. august kl 1800 i allrommet.

På møte vil det først bli gitt fellesinformasjon frå administrasjonen. Etter fellesmøte blir det eit foreldremøte med kontaktlærarane på trinnet.

Det er ei forventning frå skulen at minimum ein av dei føresette deltek på møte.

Vel møtt!
mvh
Odd Erik Kjeldstad
Rektor Knappskog skule

Velkomen til skulestart!

Vi på skulen ynskjer elevar velkomen tilbake på skulen torsdag 15. august. Spesielt velkomen til nye førsteklassingar 🙂

Frammøte:

  • 2.-7. trinn: kl. 08.40.
  • 1. trinn: kl. 09.00.

Elevane sluttar kl. 12.00, og då startar skulefritidsordninga.

Vel møtt!

HAR DU LYST Å SPELE FOTBALL?

Kjenner du nokon som har lyst å spele fotball, men ikkje finn seg til rette på eit ordinært lag? Sotra United sitt barnelag er eit tilrettelagt fotballag for jenter og gutar i alderen 6-15 år. Les meir her.

God sommar til elevar og føresette

Administrasjon og tilsette på Knappskog skule ynskjer alle elevar og føresette ein riktig god sommarferie.

Første skuledag etter ferien er torsdag 15. august:

  • 2-7. trinn: kl. 0840.
  • 1. trinn: kl. 0900.

Alle elevar sluttar kl 1200. Skulefritidsordninga er ope frå kl 12.

Siste skuledag torsdag 20. juni

Til orientering:
Siste skuledag er torsdag 20. juni. Då sluttar alle elevane kl 12.00. SFO er open som normalt.
Første skuledag etter sommarferien er torsdag 15. august.
Vi ynskjer dykk alle ein riktig god sommar!

Leksehjelp

Til orientering:
Det blir ikkje leksehjelp i neste veke (veke 25 (17.-20. juni)).

Plandag 31. mai

Skulen vil minna foreldra om at fredag 31. mai er planleggingsdag på skulen. Skule og skulefritidsordninga er stengt.

Invitasjon til foreldremøte Fjell ungdomsskule

Føresette som har elevar som skal starta i 8. trinn på Fjell ungdomsskule hausten 2019 er velkomne til foreldremøte.

Tid/ stad: TYSDAG 11.juni klokka 18.00 i kantina.

Program:
Felles informasjon
På klasserom med kontaktlærarar
Val av foreldrekontaktar
Generell informasjon

Velkomen
Mvh
Fjell ungdomsskule