12 rette på Radio Sotra

Vi er veldig stolte over Emil, Malin og Nathalie i 6. klasse, etter at dei vann 1. runde i Radio Sotra sin 12-rette-konkurranse. Vi gratulerer så mykje! Neste runde kjem etter nyttår, og vi oppmodar då elevar og foreldre til å stille som heiagjeng.

FN-dagen

På FN-dagen arrangerer Knappskog skule kvart år ein fredsmarsj. I samband med fredsmarsjen samlar elevrådet inn pengar. Pengane går til organisasjonen «Four seasons» som sørger for at fattige barn på Sri Lanka får mat, klede og skulegang. Elevrådet arrangerer også kantine på FN-dagen, og overskotet går også her til «Four Seasons». Det blei i år samla inn totalt 3748 kr.

Perioderapport

Alle elevane får delt ut perioderapporten i dag. Vi minner om at denne må leverast tilbake til skulen med underskrift etter haustferien. Samstundes vil vi ynskje alle elevar og foreldre ein fin haustferie.

Juleavslutning

Julefestane blir i år:
Tysdag 2. des kl 1800 for 1.-3. trinn
Torsdag 4. des. kl 1800 for 4.-7. trinn.

Merk at det i år er ei endring som gjeld 4. trinn. Dei vil av praktiske omsyn vere i lag med mellomtrinnet. Foreldrekontaktane på dei ulike klassetrinna har ansvar for organiseringa av avslutninga på trinnet etter fellesarrangementet.

Funn av sprøyter

Rektor har fått tilbakemelding om at enkelte foreldre har høyrt at det blei funne rusrelatert brukarutstyr i form av sprøyter på skulen. Skulen stadfestar at det blei funne sprøyter like utanfor skuleområdet, men at vi har grunn til å tru at utstyret ikkje er rusrelatert. Likevel har lærarane fått melding om å ta dette opp i samtale med elevane med ei presisering om at dei skal la slike ting ligge, og at dei skal melde frå til ein vaksen på skulen dersom slikt utstyr blir oppdaga.