Gøy med bevegelse

«Gode vaner for god helse»

Stadig fleire born vert overvektige. Kosthald og aktivitet er nøkkelfaktorer i denne utviklinga. For mange barn kan overvekt få konsekvensar for trivsel og psykisk helse. Mange får også fysiske helseplager og har auka risiko for sjukdom.

Fjell kommune har eit tilbod til born i 1.-3. klasse med overvekt. Dette inneber førstegongs-samtale med helsesøster og fysioterapeut, aktivitetsgruppe to gonger pr veke,  og månadleg kosthaldsoppfølging hos helsesøster. Les meir…

Foreldrekveld med tema «Barn og media»

Administrasjonen i samarbeid med FAU inviterar føresette til temakveld om barn og media onsdag 24. september kl 1800. Kjellaug Tønnesen Tonheim frå «barnevakten» vil holde foredrag og svare på spørsmål frå foreldre og tilsette.

Tema barn og media er særleg aktuell når det gjeld førebygging av mobbing, samt i høve til sosial utvikling for barn. Skulen meiner det difor er viktig at alle elevane er representerte med ein føresett på møte.

Vel møtt!

Angstmeistringskurs for barn 10-12 år.

Dykkar barn er velkommen til å delta i meistringskurs/gruppe hausten 2014. Gruppene startar i løpet av september/oktober, torsdagar kl 13:15 på Fjell Rådhus.

Det blir hausten 2014 gjennomført angstmestringskurs for barn 10-12 år på Fjell Rådhus. Opp til 8 barn kan delta i gruppa (ca 10-12 år). Kurset blir gjennomført intensivt over 6 samlingar, kvar på 90 minutt og er gratis. Det blir servert noko enkelt å ete på kurset.
Les meir…

Årsmøte i FAU

Innkalling til årsmøte i Foredreutvalget på Knappskog skule.
Tid: Mandag 1.september kl. 19.00.
Stad: Knappskog Skule, Møsamyra.

Velkommen!

Foreldremøte haust 2014

Foreldremøte 1.-4. trinn.

  • Tysdag 26. august kl 1800 i allrommet.
Foreldremøte 5.-7. trinn.
  • Onsdag 27. august kl 1800 i allrommet.
På møtet vil det først bli ein del fellesinformasjon frå administrasjonen. Etter fellesmøtet blir det eit foreldremøte med kontaktlærarane på trinnet. Det er forventningar frå skulen at minimum ein av dei føresette deltek på møtet.
Vel møtt!

Velkomen til eit nytt skuleår!

Hallo og vel overstått ferie til alle elevar og føresette.
Administrasjonen på Knappskog skule håpar alle har hatt ein fin ferie og ser fram til å eit nytt skuleår. Vi gler oss til å få møte dykk igjen på skulen, og særleg blir det spennande å treffe dei nye elevane på 1. trinn og i velkomstklassen! Les meir…