Ikkje gløym nynorskelevane!

Mange elevar byter målform frå nynorsk til bokmål undervegs i opplæringa. For at fleire elevar skal halde på nynorsk som hovudmål, har utdanningsdirektoratet laga informasjon til skular og kommunar, og til elevar.

  • Her finn du informasjon til skular og kommunar.
  • Her finn du informasjon til elevar som vil halde på nynorsk som hovudmål i opplæringa.

 

Elevfri dag

Melding til føresette. Skulen minnar om at det er plandag fredag 6. februar og dermed elevfri dag.

Informasjon om foreldremøte

I skulen sin plan om foreldresamarbeid ligg det inne at det skal gjennomførast eit foreldremøte i februar med fokus på elevmiljøet på trinnet. Møtet skal ha ein trivselsfremjande profil og foreldrekontaktane skal delta i planlegginga av møte. Det skal og veljast nye klassekontaktar gjeldande frå neste skuleår.

Skulen har ei forventning om at minimum ein føresett deltek på foreldremøte.

Oversikt over møtetidspunkta for dei ulike klassane finn du her.

Semifinale i 12- rette

Vi gratulerer sjette klasse som gjekk vidare til semifinalen etter å ha slått Foldnes og Ulveset i «12-rette» på Radio Sotra, torsdag 29. januar.

Ny avdelingsleiar på skulen

Ragnhild K. Magerøy sluttar som avdelingsleiar på Knappskog skule og går over i ei anna stilling i kommunen.

Irene Tellnes Eide blir ny konstituert avdelingsleiar frå 1. februar.

Informasjon frå skulesjefen om prisregulering på SFO

Melding til føresette som har barn på skulefritidsordninga.
Skulesjefen viser til vedtak i kommunestyret 18.12.2014 om gebyr og betalingssatsar for 2014. Etter dette vart prisen i skulefritidsordninga auka.

Ny pris fom januar 2015:
 heil plass, fom 12 t/v – kr 2360,- pr mnd.
 delt plass, tom 11 t/v – kr 1770,- pr mnd.