E-post

E-post-adressa til skulen fungerer ikkje for tida.
E-post kan sendast til skulesekretær: irene.ormevik@oygarden.kommune.no

Vi legg ut ny melding når epost er i orden igjen.
Rektor

Å søkje fri frå undervisning

I samband med kommunesamanslåinga, blei det litt endring i permisjonsrutiner. Dette er no drøfta, og vi går tilbake til regelen om at kontaktlærar kan gi fri inntil ein dag.
Då er rutina at søknad og svar (for ein dag) går gjennom Transponder, og at kommunikasjonen blir arkivert i Transponder. Søknaden må grunngjevast og kan då førast som gyldig fråvær.

SØKNAD OM PERMISJON FRÅ GRUNNSKULEN

Når ein skal søkje fri frå skulen er det eigne reglar som gjeld for dette. Søknaden skal sendast inn i god tid før og seinast 3 veker før ønskja permisjonar. Ein skal no søkje elektronisk dersom ein ynskjer fri frå skulen.

I opplæringslova §2-11 står det: «Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gje den einskilde eleven permisjon inntil to veker. Det er eit vilkår for retten at foreldra syter for naudsynt undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den vanlege undervisninga når eleven kjem attende på skulen. Dersom skulen finn det naudsynt med ekstra prøver på grunn av permisjonen, pliktar eleven å rette seg etter dette.»

Dersom eleven skal ha fri frå skulen i meir enn 2 veker, må eleven meldast ut av skulen. I slike tilfelle må de ta kontakt med rektor.

Vedtaka er vedtak etter forvaltningslova, med dei følgjene dette har for sakshandssaming/ klagerett.

https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/skole-og-opplaring/saksbehandling/fravar/grunnskolen/

Søk om permisjon her: https://www.oygarden.kommune.no/tjenester/barnehage-skule-og-familie/skule/ferie-og-fridagar-i-skulen/sok-om-skulefri/

 

Fjell ungdomsskule 2020-2021

Fjell ungdomsskule har sett av følgande datoar denne våren til møter for føresette og elevar som skal starte her til hausten. Det kjem som vanleg eigen invitasjon når det nærmar seg:
Første informasjonsmøte for dei føresette er sett til 17.mars klokka 18.00 i kantina på Fjell ungdomsskule (FUS).
Besøk av elevar er sett til 15.juni klokka 12.30 – 14.30 her på FUS, hugs at de må ordne med busspengar om dei skal ta skulebussane herfrå heimatt.
Foreldremøte er sett til same kvelden, altså 15.juni klokka 18.00 – 20.00 i kantina her på FUS.

Les meir…

Elevundersøkinga 2019

I haust skal 5.-7. trinn gjennomføre elevundersøkinga. Informasjon om elevundersøkinga finn de her.

Ytterlegare informasjon om tidspunkt for gjennomføring vil bli gitt av kontaktlærar.

Knappskog skule markerte internasjonal dag

På FN-dagen i dag markerte skulen internasjonal dag saman med elevar og gjestar. På Knappskog skule har vi barn og tilsette frå 21 ulike nasjonar, og skulen har som mål å fremje toleranse og kulturelt mangfald.

Vi veit om elevar som har måtte flykta frå konflikt og krig, og som vi har eit særskilt ansvar for når dei kjem til skulen vår og startar opp i innføringsklassen. Les meir…

Julefest 2019

Julefestane blir i år:
Tysdag 10. des kl 1800 for 1.-3. trinn.
Torsdag 12. des. kl 1800 for 4.-7. trinn.
Merk at 4. trinn av praktiske omsyn er saman med dei eldste elevane. Programmet blir lagt ut seinare når det er klart.