Leksehjelp hausten 2018

Det er klart for ny påmelding til leksehjelp for Hausten2018 (for elevar på 2.-4. trinn 18/19). Påmelding sendast direkte til leiar i skulefritidsordninga på følgjande e-postadresse: irene.ormevik@fjell.kommune.no
Elevar som allereie går på leksehjelp treng ikkje å sende påmelding på nytt.

Frist: 15. juni.

Merk at fristen er absolutt og at elevar som vert meldt på for seint ikkje kan rekna med å få plass på gruppene. Bemanninga vert organisert ut frå elevliste pr. 15. juni 2018.

Avslutning av Erasmus-prosjektet PEACE-E i Rouen i Frankrike

Representantar for Knappskog skule er denne veka saman med Anne Swensson frå skulesjefen i Rouen i Frankrike for å delta på avslutninga av Erasmus pluss prosjektet PEACE-E.

Knappskog skule har vore partnarskule i prosjektet, og har det siste året vore vertskap for to franske delegasjonar som har delteke i prosjektet. PEACE-E prosjektet har vore eit praktisk akademisk EU-prosjekt med fokus på å kunne dele erfaring innanfor dei ulike land sin kultur for læring av språk. Dei franske delegasjonane har særleg hatt interesse for korleis skulen kan bli meir innovativ og framtidsretta når det gjeld språkinnlæring, og fleire lærarar på Knappskog har vore med og delt erfaringar om korleis skulen arbeidar med ny læringsteknologi i språkopplæringa.

Samstundes har vi som partnarskule hatt gleda av å få høyre ulike erfaringar frå lærare og skulefolk frå fleire land om deira kultur for læring og utdanning generelt, noko som har vore særs nyttig og spennande for delegasjonen frå Fjell. Les meir…

Skulefri fredag 11. mai

Dei fleste skular i Fjell har vanleg skuledag førstkomande fredag, men ikkje Knappskog skule. I fjor haust gjorde SU ei lokal endring i skuleruta. Det tyder altså at Knappskog skule og SFO er stengt fredag 11. mai.

God påske!

Knappskog skule ynskjer alle elevar og foreldre ein riktig god påskeferie. Så håpar me alle får nyte litt vårsol om ein er heime, på fjellet eller ein annan stad. Skulen startar opp att tysdag 3. april kl 0840.

God påske!
Odd Erik Kjeldstad
Rektor Knappskog skule

Energimessa 2018

Torsdag 15. og fredag 16.mars er det duka for årets energimesse på Sartor Storsenter og tradisjonen tru skal Knappskog skule delta med 5.trinn. Temaet for årets messe er ny løysing på gamalt problem.

5. trinn har i samband med dette jobba med eit prosjekt om fornybar energi. Dei har også bygd og programmert sluser i Lego Wedo. Dette skal visast fram på messa. Elevar og lærarar ved Knappskog skule inviterer foreldre, besteforeldre og andre interesserte om å besøke energimessa torsdag 15. eller fredag 16. mars på Sartor Storsenter. Messa vert opna av Fylesvaraordførar Pål Kårbø torsdag kl 1130.

Vi håpar mange vil ta turen innom.

Her finn du meir informasjon om Energimessa.

Gratisprinsippet i grunnskuleopplæringa

Gratisprinsippet i grunnskuleopplæringa er regulert i opplæringslova § 2.15 i opplæringslova. Der står det at kommunen ikkje kan krevje at elevar eller foreldre dekkjer utgifter i samband med grunnskoleopplæringa. Til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskoleopplæringa. Skulen og kommunen kan heller ikkje krevje eigenbetaling for aktivitetar som er ein del av opplæringa, men som går føre seg utanfor skuletida. Mat, drikke, nødvendige klede og anna utstyr som ikkje er undervisningsmateriell, må foreldra dekke.

https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/finn-regelverk/etter-tema/Innhold-i-opplaringen/Gratisprinsippet/

Aktivitetar som ikkje vert organisert av skulen og som ikkje er ein del av opplæringa, er ikkje regulert i opplæringslova, og dermed ikkje omfatta av gratisprinsippet i skulen.

Knappskog skule 21. februar 2018
Odd Erik Kjeldstad
Rektor