Skulemjølk

Tine har i nettportalen gjort det mogeleg for foreldre å velje dagar for individuell levering til sitt barn. Intensjonen er sikkert god, men ordninga blir i praksis umogeleg for skulen å handtera. Viss vi skal halda fram med ordninga så må vi ha ei fast liste for kvart trinn å gå etter. Rektor ber difor foreldra som ikkje har valt fast leveranse om å gå inn i portalen og velje fast leveranse, det vil seie «mjølk kvar dag». Det er framleis mogeleg å velje mellom mjølk (1,5%), mjølk (0,7%) eller laktosefri mjølk.

Knappskog skule 14. august 2019
Odd Erik Kjeldstad
Rektor

Comments are closed.