Skulemosjonsløp til inntekt for barnekreftforeninga

Fredag 12. april skal skulen arrangere mosjonsløp til inntekt for barnekreftforeninga. Det er Team Rynkeby som står for skulemosjonsløpet der heile inntekta går til barnekreftforeninga i Norge.
Vi ynskjer at arrangementet skal motivera elevane til å vere aktive i eit fellesskap som gjer ein innsats for barn som lever med vanskelege sjukdommar.

I forkant av løpet organiserar skulen ei rundløype som elevane skal springe X antal gongar i løpet av ei gitt tid.Så vert dei sponsa med eit beløp for kvar runde. Det kan vere 1 kr. pr runde, eventuelt 5. kr eller 10 kr. pr runde.
Det vanlege er at elevane vert sponsa av foreldre, besteforeldre eller eventuelt andre som har lyst til å bidra. Det er viktig å presisera at ingen elevar eller føresette skal bli pålagt til å samle inn noko som helst. Det viktigaste er at elevane opplever arrangementet meiningsfullt, og tykkjer det er gøy å delta.

Om kort tid vil elevane få med seg heim eit sponsorskjema som foreldra skal fylle ut før løpet. Klikk her for å sjå sponsorskjema.

Etter løpet vil alle elevane få eit diplom for aktiv deltaking og vi ynskjer vidare at elevane skal få kvar sin bolle som er bakt av foreldra.
Vi håpar då at foreldrekontaktane på kvart trinn vil stille med min. ein bolle til kvar elev levert skulen om morgonen 12. april.
Organisering av dette vil bli følgt opp av kontaktlærarane på trinnet.

Skulen håpar foreldra vil bidra til å gjere dette til eit flott arrangement, så oppfordrar vi alle til å stille som heiagjeng langs med løypa mellom kl. 0900 og 1200 fredag 12. april på Knappskog skule.

Vel møtt!

Med helsing

Odd Erik Kjeldstad
rektor

De kan få meir info om team Rynkeby og Barnekreftforeninga her:

https://www.team-rynkeby.no/skoleloepet.aspx

https://www.barnekreftforeningen.no/

https://www.barnekreftforeningen.no/nyhetsrom/aktuelt/sykkelturen-til/

Comments are closed.