Kort informasjon

Knappskog skule er ein middels stor barneskule på Knappskog i Fjell kommune, ein knapp halvtimes køyretur frå Bergen. Knappskog-området har hatt stor tilflytting av folk, og elevtalet på skulen har auka i fleire år.

Elevane kjem frå grendene Morland, Morlandstø, Knappskog og Spjeld.

Skulen sitt første byggjetrinn stod ferdig i januar 1998. Gymsalen vart ferdig til skulestart 2008 og siste byggjetrinn stod ferdig i august 2009.

I arbeidet mot mobbing nyttar vi Olweusprogrammet. Skulen deltek òg i Trivselslederprogrammet.