SØKNAD OM PERMISJON FRÅ GRUNNSKULEN

Når ein skal søkje fri frå skulen er det eigne reglar som gjeld for dette. Søknaden skal sendast inn i god tid før og seinast 3 veker før ønskja permisjonar. Ein skal no søkje elektronisk dersom ein ynskjer fri frå skulen.

I opplæringslova §2-11 står det: «Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gje den einskilde eleven permisjon inntil to veker. Det er eit vilkår for retten at foreldra syter for naudsynt undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den vanlege undervisninga når eleven kjem attende på skulen. Dersom skulen finn det naudsynt med ekstra prøver på grunn av permisjonen, pliktar eleven å rette seg etter dette.»

Dersom eleven skal ha fri frå skulen i meir enn 2 veker, må eleven meldast ut av skulen. I slike tilfelle må de ta kontakt med rektor.

Vedtaka er vedtak etter forvaltningslova, med dei følgjene dette har for sakshandssaming/ klagerett.

https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/skole-og-opplaring/saksbehandling/fravar/grunnskolen/

Søk om permisjon her: https://www.oygarden.kommune.no/tjenester/barnehage-skule-og-familie/skule/ferie-og-fridagar-i-skulen/sok-om-skulefri/

 

Comments are closed.