Stengt skule frå og med fredag 13.03

Til foreldre.

Ordførar har no gått ut i vestnytt med informasjon om at skulane i Øygarden stengjer som følgje av situasjonen med koronasmitte.

Kommunen oppfordrar foreldre til å halda borna borte frå skulen frå i morgon av, og skulen vil bli heilt stengt frå måndag.

Vi skal no kl 12 ha eit møte med lærarane der vi planlegg for heimeundervisning. Lærarane vil då ha litt tid med elevane til viktige førebuingar og avtalar før dei går heim.

Vi vil informera fortløpande når vi veit meir.

Dette er ein krevjande situasjon for tilsette, foreldre og elevar, men slik situasjonen er no, er dette det einaste riktige å gjere.

Eg tenkjer vi saman skal få til ei grei oppfølging på digitale plattform. Vi er godt rusta for det.

https://www.vestnytt.no/nyheter/i/Vb3e24/fraa-maandag-stenger-skulane

med vennleg helsing

Odd Erik Kjeldstad

Comments are closed.