Fjell ungdomsskule 2020-2021

Fjell ungdomsskule har sett av følgande datoar denne våren til møter for føresette og elevar som skal starte her til hausten. Det kjem som vanleg eigen invitasjon når det nærmar seg:
Første informasjonsmøte for dei føresette er sett til 17.mars klokka 18.00 i kantina på Fjell ungdomsskule (FUS).
Besøk av elevar er sett til 15.juni klokka 12.30 – 14.30 her på FUS, hugs at de må ordne med busspengar om dei skal ta skulebussane herfrå heimatt.
Foreldremøte er sett til same kvelden, altså 15.juni klokka 18.00 – 20.00 i kantina her på FUS.

Det kan opplevast noko seint å ha dette siste skuleveka, men vi må vere ferdig med munnleg eksamen før kontaktlærarane er klar til å ta i mot nye elevar og føresette, og i år er munnleg eksamen her hjå oss seint.
Mvh
Vibeke Eide
Avd.leiar 8.trinn
Fjell ungdomsskule

Comments are closed.