Utviklingssamtalar

I veke 12 og veke 13 skal Knappskog skule gjennomføre utviklingsamtalar.
Utviklingsamtalen er heimla i vurderingsforskrifta i opplæringslova og er ein obligatorisk samtale mellom skule og heim om utviklinga til eleven på skulen.
Kontaktlærar vil i samtalen seie litt om eleven sin ståstad, og kva som skal til for at eleven skal utvikle seg vidare i dei grunnleggjande ferdigheitene samt i faga på skulen. Kontaktlærar vil og formidla ei vurdering om korleis eleven fungerer sosialt i samspelet med dei andre elevane på skulen.
Skulen vil sende ei formell innkalling til foreldra om tidspunkt for samtalen. Rektor.

Comments are closed.