Utviklingssamtalar

I veke 42 og veke 43 skal Knappskog skule gjennomføre utviklingsamtalar.
Utviklingsamtalen er heimla i vurderingsforskrifta i opplæringslova og er ein obligatorisk samtale mellom skule og heim om utviklinga til eleven på skulen.

Kontaktlærar vil i samtalen seie litt om eleven sin ståstad, og kva som skal til for at eleven skal utvikle seg vidare i dei grunnleggjande ferdigheitene samt i faga på skulen. Kontaktlærar vil og formidla ei vurdering om korleis eleven fungerer sosialt i samspelet med dei andre elevane på skulen.

Skulen vil sende ei formell innkalling til foreldra om tidspunkt for samtalen i Transponder.

1.trinn har startsamtale i staden for vanleg utviklingssamtale no på hausten.

Rektor

Comments are closed.