Velkommen til Kolltveit skule

Trygg i FjellKolltveit skule ligg på Sotra, i Fjell kommune, om lag 20 minutt frå Bergen sentrum. Til skulekrinsen høyrer Kolltveit, Bildøy, Ekrhovda og Lie. Skulen har dette året 250 elevar og 48 tilsette. Rektor er Karin Haugen. Vi har som mål at Kolltveit skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å lære.

Siste skuledag og god jul.

Siste skuledag for elevane før jul er onsdag 20.desember. Då sluttar elevane kl 11.10, og bussane går heim kl 11.20. SFO er ope som vanleg fram til 16.30.
Vi ynskjer alle heimane ei riktig god og fredleg jul. Vi takkar for det samarbeid også dette året, og ynskjer alle velkomne tilbake til skulen, tysdag 2.januar 2018 til vanleg tid.

Om adventsgudsteneste og alternativt tilbod.

Under her finn de informasjon om fritaksretten for aktivitetar i opplæringa. Dette er aktuelt no i førjulstida, til dømes i samband med deltaking på adventsgudsteneste. Les gjennom dette skrivet, gå så til oppslaget under med påmelding til dei to alternativa.
Adventsgudstenesta vert avvikla i Fjell kyrkje fredag 15. desember. Dei som ikkje skal dit, får eit alternativt opplegg på skulen same dag. Av omsyn til planlegging, ber vi om å få påmeldinga innan fredag 1.desember.

12 rette

6.klasse skal delta i 12 rette på Sartor torsdag 9.november, kl 17.30. Vi heiar på dei, og håpar at dei som har høve til det møter opp og støttar dei.