Kolltveitskulesongen

I år 2000 var Kolltveit skule 25 år, og det måtte vi feire, særleg fordi dei som hadde greie på det sa at skulen aldri hadde hatt innviingsfest. I samband med jubileet ville vi gjerne ha ein skulesong, og då vi spurde Olav Kobbeltveit om hjelp, tok han utfordringa på strak arm og skreiv ein song som vi er stolte av og bruker i mange samanhengar. Songen er revidert i august 2014.

Kolltveitskulesongen
Tekst: Olav Kobbeltveit
Melodi: Evert Taube

Kvar morgon når det lider så smått til klokka ni,
så ser vi barneflokkar langs mark og veg og sti
gå over Bildøybruna og opp den lange trapp –
dei minste tek det heilt med ro mens andre spring om kapp.

Og ifrå Gangstøgarden til Skaret, i nordvest
går glade born til skulen, som om vi sku’ på fest.
Med fotball under armen, vi gler oss der vi går,
for alle er vi veldig glad i Kolltveitskulen vår.

Før Kolltveitskulen bygdest det var ein del problem,
og mange sa dei tvilte, «vi trur han aldri kjem».
Men brått så kom eit vedtak, det sa omtrent som so:
«Vi byggjer sør i utmarka til Hans’n og Nils O.»

Då vart det fest og moro, og ungane var glad,
dei gledde seg til skulen i «Alebakkana».
Og etter år med krangel – og stor politisk strid,
er Kolltveitskulen utvida med Ekrhovda og Lie.

Elevtalet har auka, og skulen er blitt stor,
med mange fleire klassar enn det vi var i fjor.
Det skal nok verta festleg og fint i store fri,
når Kolltveit møter Ekrhovda og Bildøy møter Lie.

Når sola tek te’ varma og over Nuten går,
då veit vi det blir sommar, då veit vi det er vår.
Då smiler Kolltveitosen, og Bildøysundet ler,
og vi kan gle oss over alt det vakre som vi ser.

Då går vi vest i marka – tek lavvoteltet med
og kanskje får vi fisk ut i Haljesvatnet.
Den steikjer vi på bålet, og dermed blir det fest,
for nistemat kan duga, men – ein nysteikt fisk er best.

Slik har vi det på skulen, vi har det ganske kjekt,
vi lærer oss å lesa og rekna mål og vekt.
Med nye paviljongar – så staseleg han står,
og difor syng vi høgt HURRA for Kolltveitskulen vår!