Varslingsrutiner ved sjukdom

Kolltveit skule har rutiner for varsling til skulen når elevar er sjuke og vert borte frå skulen. Dette vart gjort for å sikre at alle elevar som er sende av garde til skulen, også kjem fram til skulen. Rutinane vart vedtekne i Samarbeidsutvalet i mars 2014.
Vi ynskjer at alle foreldre, uansett kva trinn de har barn på, melder frå til skulen når ein elev er sjuk eller av annan grunn vert borte frå skulen heile eller deler av skuledagen.
Vi ynskjer at de melder fråveret på sms før kl 8.15. sms til 911 38 560

Dersom ein elev ikkje er komen på skulen og vi ikkje har fått beskjed, vil vi ringe dykk for å spørje etter eleven.
Vi ber om at alle merkar seg at desse rutinane skal gjelde alle elevane frå 1.-7.trinn.
Når barnet kjem tilbake til skulen etter sjukdom, skal det alltid fylgje med ei skriftleg melding om sjukdom i meldingsboka.