Praktiske opplysningar

SKULEMJØLK
Alle elevar får tilbod om å kjøpe skulemjølk. Føresatte tingar og betalar skulemjølka direkte til TINE.
Gå inn på skolelyst.no for tinging av abonnement.

INNESKO
Vi tar av oss uteskorne i garderoben. Vi ønskjer at alle elevane har innesko, det er betre enn å gå sokkeleisten, ikkje minst når vi har brannøving.

KLEDE
Det er viktig å vere kledd etter veret. Læringsaktivitetar skjer ofte ute, men sjølv om det ikkje er utedag, er det viktig at elevane har klede og fottøy for all slags ver.

ATTGLØYMDE KLEDE
Klede som ikkje er merka, blir lagt i ei korg i gangen mellom 1. og 2.etasje. Der kan dei hentast i skulen si opningstid mellom kl.7.15 og 16.30. Vi oppmodar foreldre om å merke klede og fottøy. Klede som ikkje vert henta, vert fjerna kvart halvår (jul og sommar). Garderobane vert rydda og tømt før kvar ferie.

SYKLING
Vi har fått ein del telefonar frå foreldre som spør om korleis Kolltveit skule stiller seg til lovendringa om sykling til skulen. Frå 20. august er det foreldrene som avgjer når deira barn kan sykle til skulen. Denne saka vil bli tema både på klasseforeldremøte, i FAU og i SU.
Skulen vil oppfordre alle foreldre til å gjere kloke val for deira barn, og vurdere både sykkelferdigheter til kvart enkelt barn og kor trygg skulevegen er i forhold til biltrafikk.
Her finn de råd frå Trygg Trafikk om barn og sykling.
Ei oppfordring er krystallklar:
BRUK HJELM

TRAFIKK
Elevar som vert køyrde til skulen, skal setjast av på toppen av skulebakken og gå ned. Det same gjeld dersom elevane vert henta etter skuletid. Vi oppmodar elles foreldre om ikkje å bruke Bildøybakken for transport til skulen. Køyring inn på skuleplassen er ikkje tillatt utan særskild grunn.

SYMJING
I 4. klasse får elevane symjeundervisning, 10 gonger i bassenget på Ulveset/Ågotnes skule. Dette veit vi er lite, så vi oppmodar foreldra om å nytte seg av tilbodet når bassenga er opne for familiebading. Følg med i VestNytt.

SØKNAD OM EKSTRA SKULEFRI
Dersom det er trong for ekstra skulefri for eleven, må ein søkje om dette på førehand. Kontaktlærar kan gi fri 1 dag, medan rektor kan gi fri i inntil 10 skuledagar. Dersom foreldrene ber om lenger permisjon, vert eleven skriven ut av skulen. Når foreldra søkjer eleven fri frå skulen, overtek dei sjølve ansvaret for opplæringa i den aktuelle perioden. Vi ber om at søknad kjem i god tid i førevegen.
Sjå Opplæringslova §2-11.

UTLÅN AV SKULEN
Elevar på skulen er velkomne til å nytte klasserommet sitt til feiring av fødselsdagen sin. Ein føresetnad for dette er at einskildelevar ikkje vert utelatne, – det vil seie at anten må heile klassen verte invitert eller samtlege jenter eller gutar i klassen, og at skulen sine krav til orden og framferd vert følgde. Foreldre som ønskjer å låne skulen, kan ta kontakt med administrasjonen for nærare avtale. Vi på skulen har berre høve til å låne ut skulen sin gymsal på fredagskveldar. Om du ynskjer å låne skulen ein annan dag, må du gå gjennom kommuna si «utleigeside».

TELEFON/MOBILTELEFON
Det er ikkje lov å bruke mobiltelefon i skuletida. Dette gjeld både i timar og friminutt. Dersom dette ikkje vert overhalde, vert telefonen trekt inn og vert levert tilbake til eleven etter skuletid. Dersom elevar må ha tak i foreldre i skuletida, kan dei bruke skulen sin telefon etter avtale med kontaktlærar. Meldingar som foreldre må gi i løpet av dagen, vert formidla vidare til eleven.

FORSIKRINGSORDNING
Alle elevar er forsikra i skuletida og på direkte veg til/frå skulen. Dersom eleven skadar seg i skuletida, sørgjer skulen for at dette vert registrert. Dersom skaden skjer på skulevegen, må føresette ta kontakt med skulen og sørgje for at skaden vert registrert. Dersom skaden vert godkjend som skuleskade av trygdekontoret, vert eigendelen hos lege/sjukehus vanlegvis refundert. Ta vare på originalkvitteringar i slike høve.