Miljøterapeut

Vi er svært glade for at Kolltveit skule skal få sin eigen miljøterapeut neste skuleår. Dette er ei av fire nye miljøterapeutstillingar som er prioritert inn i barneskulane i Fjell, og i fyrste omgong er det ei eittårig prosjektstilling. Dei andre skulane som får miljøterapeut er Ulveset, Ågotnes og Foldnes. Tilsetjingsprosessen er i full gong, så vi reknar med å ha eit namn klart i neste veke.

Comments are closed.