Ny plan for elevane sitt psykososiale skulemiljø

Kolltveit skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å lære.
Dette har vore eit mål for arbeidet på skulen i ei årrekkje.
Vi meiner at trivsel og tryggleik for elevane på skulen er det beste grunnlaget for læring. Dette ligg som basis for alt arbeidet vårt på skolen, og er eit grunnlag alle står saman om.
På Kolltveit skule har det vore jobba systematisk med at elevene skal oppleve et trygt og godt skulemiljø, der ingen opplever krenkjande åtferd eller mobbing. Allereie i 1999 vart fyrste utkastet til handlingsplan mot mobbing laga. I 2004 vart skulen sin handlingsplanen mot mobbing utvikla i samarbeid med Senter for Atferdsforskning i Stavanger. Handlingsplanen er seinare revidert og videreutvikla.
Skulen sin innsats for å førebyggje og redusere mobbing er et kontinuerleg og integrert arbeid som føregår dagleg. Vi er avhengige av det tette og gode samarbeidet vi har med foreldrene på alle nivå. Null-toleranse for krenkjande handlingar generelt, og mobbing spesielt, er eit hovudprinsipp. Forsking viser at langsiktig, målretta og systematisk arbeid har førebyggjande effekt på elevmiljøet, både på individ- og systemnivå.
Handlingsplanen skal være et forpliktande verktøy for alle tilsette på Kolltveit skule.
Planen finn du under fana «Planar».

Comments are closed.