Organisering av SFO dette skuleåret

Base 1 er i paviljongen nede på plassen, og er base for 1.klasse. Det er denne basen som har morgonope.
Base 2: Nede i nye paviljongen, base for 2.klasse.
Base 3: Oppe i nyepaviljongen, base for 3.-4.klasse til kl 15.30.
3. og 4.klasse flyttar ned til base 1 kl 15.30.

Vi minner om at foreldre må gå inn på nettet for søkje om plass, og melde om endringar t d i opphaldstid.

Refleksvestar til alle: Signe vann teiknekonkurransen

Signe i 7a vann teiknekonkurransen om logo til Kolltveit skulen sine refleksvestar. Marianne Bjorøy og Ernst Einarsen frå Fjell kommune var her og delte ut vestar til 7.klasse,- seinare på dag fekk alle elevane sin eigen vest. Ordføraren oppfordra alle elevane å bruke vesten til og frå skulen.
Alle elevane på Kolltveit skule takkar Fjell kommune for den fine vesten.
Vi er stolte over logoen Signe har teikna. Skulen oppfordrar alle elevane til å bruke refleksvesten flittig.

Nytt om skuleskyssen

Melding frå SkuleSkyss:
«Fra i år er alle skolerutene publisert på reiseplanleggeren på skyss.no, og Skyss Reise på mobil, slik at den enkelte skolen/foresatte kan søke selv på de aktuelle rutetider. For å bruke reiseplanleggeren må man skrive holdeplass der man reiser fra og navn på skolen man reiser til. Vær obs på å bruke en dato etter skolestart og eventuelt søk for de forskjellige dager i uken dersom skolen har forskjellige sluttider. Det er også viktig å trykke på «pluss»-tegnet i resultatene for å få med detaljer om turen.«

God sommar til alle

Vi ynskjer alle barn og vaksne ein riktig god sommar,-
med gode øyeblikk og aktivitetar,
kjekke treffpunkt med slekt og venner,
sol og godt vér,-
og påfyll av akkurat det de treng.

Oppstart av nytt skuleår i august

Elevane byrjar på skulen igjen torsdag 15.august.
2.-7.klasse byrjer til vanleg tid, kl 8.40, alle møter i sine klasserom. Det vert fellessamling i gymsalen kl 9.00 for alle.
Nye 1.klassingar og foreldre vert ynskt velkomne til skulen i gymsalen kl 10. Fadrane til dei nye elevane vil vere med på denne samlinga.
SFO er ope som vanleg for 2.-4.klasse, og etter skuletid for 1.klasse

Sommaravslutning

Torsdag tok vi avkjed med 30 flotte ungdomar som er på veg til ungdomsskulen. 3.klasse hadde laga eit flott avskjedsprogram til fadrane sine, med takk for at dei hadde vore så gode rollemodellar og trygge leikekameratar.
Desverre tapte 7.klasse fotballkampen mot dei vaksne,- men det er slike slag livet gjer…
Vi ynskjer dei alt godt framover, og takkar foreldre for samarbeidet.
Lykke til med alt som møter dykk.

I sommar skjer dette på Kolltveit skule

Allereie i dag, fredag 21.06., har vi fått arbeidsfolk inn på skulen. Ombygginga av 6 klasserom startar, og dette skal gjerast:
To av dei store klasseromma våre vil få inn foldeveggar som gjer bruken av romma meir fleksible. I «Brakka» (den nye paviljongen) skal alle klasserom og grupperom bytte plass,- slik at vi får to klasserom vegg-i-vegg,- med foldeveggar i mellom. Det vil gjere dei rommma meir fleksibel, og. Dette løyser dei akutte utfordringane våre i nokre år. Arbeidet med ombygginga skal vere ferdig til skulestart, men foldeveggane vert ikkje leverte før fyrste veka i september. Det vil skape nokre organisatoriske utfordringar, spesielt i brakka.
Men vi har stor tru på at det skal vi klare!

Gjengløymde klede

Vi har haugar med gjengløymde klede på skulen. No ligg dei utplasserte i foajeen ved gymsalen. Vi oppfordrar dykk om å sjå innom og sjå gjennom kleda,- og ta med heim det som de kankje ikkje visste at de sakna. Det som ikkje vert henta innan onsdag 26.juni, kl 15.00, vert sendt av garde til eit godt formål.