Foreldremøte

Her er tidene for foreldremøta hausten 2016

  1. klasse: tysdag 30.08. klokka 18.00
  2. klasse: tysdag 20.09. klokka 18.00
  3. klasse: torsdag 15.09. klokka 19.00
  4. klasse: måndag 05.09. klokka 18.30
  5. klasse: torsdag 08.09. klokka 19.00
  6. klasse: tysdag 13.09. klokka 19.00
  7. klasse: torsdag 01.09. klokka 19.00

Innkalling med sakliste kjem seinare.

Vel møtt!!

Kontaktmøte 2016

Det vert kontaktmøte for kontaktlærarar og klassekontaktar på onsdag 24.08.  Klokka 1800 i klasserommet til 6. klasse, oppe ved siden av kjøkkenet.

Vel møtt.

Tore Aase Brekke

Nytt skuleår!

20160613_131300

Nytt år = Nye erfaringar!

Skuleåret 2016-2017 byrjar torsdag den 18.08.2016.

Me på Kolltveit skule ynskjer alle saman hjarteleg velkomne til eit nytt skuleår. Dette kjem til å verte eit supert år.

  1. klasse møter utanfor gymsalen klokka 1000
  2. – 7. klasse møter i sine klasserom klokka 0840

Mvh. Rektor Tore

Kolltveitleikane

Tysdag 14. juni arrangerte SFO Kolltveitleikane. Sola skein og alle var i godt humør.
Aktivitetane var Kolltveitleikane2016banke spiker, hoppe lengde, springe 60 m, skyte på mål, kaste piler og kaste på boksar. Alle fikk fruktsalat og is til premie.

Marknaden

Det vart eit fantastisk overskot på marknaden:
28604kr som vil bli overført til Kirkens Bymisjon ein av dei næraste dagane.

Saknar du noko?

Onsdag 15.06.16 vil gjengløymde sko og klede lagt ut på bordtennisbordet i vestibylen ved gymsalen. Vi oppfordrar foreldre til å ta ein titt på det som ligg der. Det er folk på skulen t o m fredag 24.juni, så det vil vere ope for henting heile neste veke. Det som ikkje vert henta vil bli sendt til Fretex i august.

Nye tilsette på Kolltveit skule frå august 2016

Desse lærarane har takka ja til stilling på Kolltveit skule frå 1.08.16:
Linda T Fjell, skal arbeide i 1.klasse.
Hilde Baldersheim, skal arbeide i 2.klasse.
Madeleine G Olsen, kontaktlærar i 1.klasse.
Skjalg Brun, kontaktlærar i 3.klasse
Øyvind Hompland, kontaktlærar i 7.klasse

Miljøterapeut

Vi er svært glade for at Kolltveit skule skal få sin eigen miljøterapeut neste skuleår. Dette er ei av fire nye miljøterapeutstillingar som er prioritert inn i barneskulane i Fjell, og i fyrste omgong er det ei eittårig prosjektstilling. Dei andre skulane som får miljøterapeut er Ulveset, Ågotnes og Foldnes. Tilsetjingsprosessen er i full gong, så vi reknar med å ha eit namn klart i neste veke.