Strålande marknad

skulekoretmarknad16 (3)

 

 

 

 

 

 

Sommarmarknaden vår i går vart ein strålande suksess. Skulekoret opna marknaden med tre Kleppeviksongar. Bodene med produkt som elevane hadde laga gjekk nesten tome for produkt, og i kaféane gjekk maten unna. Ute på skuleplassen var det flotte innslag frå klassene. Mange hadde kledd seg etter temaet «Gamle Dagar», dette sette eit flott preg på marknaden. Dette vart ei god felles avslutning av dette skuleåret. Takk til alle for den gode stemninga. Om nokre dagar veit vi kor mykje pengar vi kan sende vidare til Kirkens Bymisjon i Bergen.
produkt marknad16

 

Kontaktlærarar og klasseteam, skuleåret 2016-2017

1.klasse: Karianne Lie Mjanger, Toril Lie, Madeleine G Olsen, Linda Fjell
2.klasse: Anne Haugro, Jenny Hufthammer, Liv Storheim, Hilde Baldersheim
3.klasse: Camilla Allgrim, Hege Høyland, Ruth Tangen, Skjalg Brun
4.klasse: Anne Lunde Hansen, Ragnhild Mjelstad, Rita Lie Nese
5.klasse: Laila Kjeilen Bach, Kristina O Sangolt, Bente Sandvik
6.klasse: Terje Onstad, Anne Thorsen, Anja Njøten
7.klasse: Maria Wergeland, Anne-Helen S Wiig, Bjørn Klett, Øyvind Hompland

Fagarbeidarar og assistentar vert fordelt i næraste framtid.

 

Tinestafetten på Ågotnes

Tysdag 10.mai var 6. og 7.klasse med på Tinestafetten på Ågotnes. Det var eit flott arrangement, med god innsats av alle elevane frå Kolltveit skule. 7.klasse vann si klasse, og 6.klasse fekk 3.plass.

Tinestafett6.kl16Tinestafett 7.kl16

Trygg i Fjell

Via logoen til høgre på heimesida kjem de dirkete inn på Trygg i Fjell si heimeside. Den vert kontinuerleg oppdatert med fagstoff og nyhende om arbeidet mot mobbing i Fjell kommune.

IDOL på SFO

IDOL16Tysdag 26.april var endeleg dagen da SFO skulle ha sitt årelege IDOL. Det var mange spente barn som hadde øvd lenge og var veldig klare. Det var 15 ulike innslag frå barna i 2.-4-klasse. Alle gjorde det kjempebra og alle vart vinnarar. I salen hadde vi eit flott publikum av 1.klassingar, resten av 2.-4.klassingane, foreldre, besteforeldre, lærarar, rektor og vaksne på SFO.

Tid for sykling til skulen, igjen

Når våren kjem, kjem og lysta til å ta fram sykkelen for å sykle til skulen. Både
foreldre og vi på skulen er positive til elevar syklar til skulen. No har vi fått melding om at elevar kjem syklande til skulen utan hjelm, og gjerne vinglande på kryss og tvers i trafikken. Vi vil ta dette opp i klassene i komande veke,- og vi ber foreldrene hjelpe borna med hjelm og ein repetisjon av trafikkreglane heime. I haust hadde FAU og SU ein diskusjon om sykling til skulen som vi oppsummerte i dette skrivet. Sykling til skulen okt 2015

Skulen oppfordrar alle foreldre til å gjere kloke val for barna, og vurdere både sykkelferdigheter til kvart enkelt barn og kor trygg skulevegen er i forhold til biltrafikk.

Rektor Karin skal på reise neste skuleår

Rektor har fått permisjon i eit år frå stillinga på Kolltveit skule. Ho reiser saman med mannen sin til Chapel Hill i North Carolina der han skal vere på forskningsopphald.
Tore Aase Brekke skal fungere som rektor neste skuleår.